Hopp til innhold

Norsk fornøyelsespark vil bli verdas vikinghovudstad

Fornøyelsesparken «Thors Rike» skal bli Vestlandets svar på Tusenfryd. Målet er å lokka hordar av vikinginteresserte frå heile verda.

Vikingland

«THORS RIKE»: Fornøyelsesparken blir på ca. 400 mål, og ta publikum 1000 år tilbake i tid.

Foto: Vikingland / ITEC entertainment corporation

– Viss du ser for deg ein fornøyelsespark à la Tusenfryd, men i vikingklede, så er du ganske tett på det me snakkar om, seier prosjektleiar Terje Devold.

«Thors Rike» skal etter planen bli ein tradisjonell temapark med karusellar og attraksjonar, men han skal også innehalda ein «infotainment»-del som gir informasjon om vikingane og vikinghistoria.

Prosjektleiar Terje Devold i Vikingland Utvikling AS har jobba med prosjektet sidan juni i 2015. I 2014 blei det klart at parken skal liggja på Bjelland i Sveio kommune.

– Me snakkar berg- og dalbanar og karusellar, men også vikingopplevingar og vikingskip ved vatnet kor parken skal byggast. Målet er å bringa publikum inn i eit vikingland tusen år tilbake i tid, samstundes som ein held fast på temaparkaspektet.

Prosjektleiaren er klar for å ta dei visjonære planane eit steg vidare.

Treng 200 millionar kroner

Vikingland Utvikling meiner Haugalandet og Sunnhordland har dei beste føresetnadene i Noreg for å etablera seg som verdas vikinghovudstad. Grunnen er området sine unike vikingrøtter og historie, skriv selskapet.

No er målet å få på plass 200 millionar kroner i eigenkapital før sommaren.

– Me er ute hjå investorar på Haugalandet og i Sunnhordland og prøver å få ein regional finansiering. Me er komne eit godt stykke på veg. Det er sjølvsagt eit tungt arbeid i tida med oljekrisa, kor mange investorar har meir enn nok med eigne utfordringar. Men det fell på plass månad etter månad, fortel Devold.

Vikingland

VIKINGANE: Dei plyndra og røva, men dreiv også handel, bygde nye byar og rike.

Foto: Steinar Iversen Reklamebyrå

Selskapet har kartlagt drifta av temaparkar som Kristiansand Dyrepark, Bø Sommarland, Hunderfossen, Tusenfryd og Kongeparken og har teke utgangspunkt i dei tre siste som parkar ein kan samanlikna seg med.

Byggjestart i 2019 for Vestlandets største

Snart kan ordførar i Sveio, Jorunn Skåden (Ap), få eit vikingland på 400 mål i kommunen sin.

– Alle kommunane som ligg på Vestlandet har vikinghistoria. Me veit også at for turistar både nasjonalt og internasjonalt, så sel vikingtemaet veldig godt.

Er det liv laga for eit vikingland her?

– Ja, det dokumenterer prosjektet, seier ordføraren.

Jorunn Skåden

OPTIMIST: Sveio-ordførar Jorunn Skåden (Ap) meiner det er besøksgrunnlag for å driva ein fornøyelsespark i kommunen som ligg høvesvis tre og to timar køyring frå Bergen og Stavanger.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Vikingparken har vore på teiknebrettet i årevis, og fleire kommunar har vore aktuelle. Blir parken ein realitet, vil Vikinglandet verta den største fornøyelsesparken på Vestlandet.

Ved utgangen av juni håpar prosjektleiaren å konstatera at selskapet kan sluttfinansiera prosjektet.

– Me er optimistar. Då håper me å vera så tett ved målet på 200 millionar at me vel å gå vidare, seier Devold.

Parken skal driftast av det spanske selskapet Parques Reunidos som driv mellom anna Tusenfryd og Bø Sommarland. Parken skal ha 80 årsverk fordelt på 200 tilsette og planlagd byggjestart er 2019.