Hopp til innhold

Meiner tilsette blir godt varetatte etter ulykka: – Ikkje bra nok, seier oljearbeidar

Oppfølginga av oljearbeidarar etter helikopterstyrten utanfor Sotra har vore god, meiner fagforbund. Men oljearbeidar Espen Bjørge er ikkje imponert.

Ei gruppe politikarar på besøk på Njord A i Norskehavet. Dei står i verneklede og hjelmar og over ser vi store kraner.

Fagforbunda meiner oljearbeidarar har blitt godt varetatte. Men oljearbeidar er ueinig.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Om kvelden 28. februar styrta eit helikopter av typen Sikorsky S-92 i Nordsjøen utanfor Sotra.

Seks personar var om bord i helikopteret, og éin person omkom som følge av ulykka. Det var Equinor-sjukepleiaren Reidun Hestetun.

I tida etter ulykka har det blitt brukt mange ressursar på å følge opp dei tilsette på norsk sokkel, ifølge fleire fagforbund knytte opp mot oljeverksemda.

– Dei har blitt følgt opp gjennom heile helga. Både på oljeplattformer og på heliportar, seier Per Helge Ødegård, leiar av Eqaf.

Mannskapet på helikopteret tilhøyrde både Bristow og Equinor. Ødegård seier det har blitt oppretta eit pårørandesenter og at det skal vere tilgjengelege ressursar frå både leiing og fagforeiningar.

Vi har ei eiga helseteneste i Equinor. Viss nokon ønsker å prate med psykolog, så får dei sjølvsagt tilbod om det, seier Ødegård.

Per Helge Ødegård i Eqinor er leder for fagarbeidere og teknikere i Lederne.

Leiar i Equinor-tilsette si foreining (Eqaf), Per Helge Ødegård.

Foto: Thomas Ystrøm

– Sit der utan å snakke med nokon

Oljearbeidar Espen Bjørge, som er tilsett i selskapet Kaefer, bekreftar at han og kollegaene har fått ei melding om tilbod om å snakke med psykolog.

Men oppfølginga utover det er han ikkje særleg imponert over.

– Eg ville ikkje kalla oppfølginga god. Dei har hatt representantar ute på heliporten, men dei sit jo berre der utan å snakke med nokon, seier han.

Espen Bjørge

Oljearbeidar Espen Bjørge blei i fleire dagar etter ulukka sittande og vente på Sola for å komme seg ut. Tåke var årsaka.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Bjørge seier arbeidarane sjølv må gå inn for å snakke med dei. Han har gjort det sjølv og opplevde ikkje å få noko særleg svar.

– Dei kan ikkje seie noko. Dei seier at vi berre må vente på kva dei finn ut om helikopterulykka, seier han.

– Ikkje slik det skal vere

Erling Holmefjord er avdelingsleiar for arbeidsliv hos Industri Energi. Inntrykket deira har at det har blitt gjort mykje godt for arbeidarane etter ulykka.

Han seier det derfor er skuffande og ugreitt å høyre at oljearbeidar Bjørge ikkje har same oppfatning.

– Viss dei som sit ved heliportane faktisk ikkje bryr seg om å prate med dei som er der, så er det på ingen måte slik det skal vere, seier Holmefjord.

Erling Holmefjord

Avdelingsleiar for arbeidsliv hos fagforbundet Industri Energi, Erling Holmefjord.

Foto: Atle Espen Helgesen

Holmefjord seier dei som reiser inn til oljeplattformer skal bli tatt imot på ein måte som gjer at dei kjenner dei kan prate med nokon.

– Viss dette systemet ikkje fungerer, så hjelper det ikkje. Eg støttar Espen 100 prosent i at dette ikkje er greitt, seier han.

Trur «Turøy-ulykka» har gjort sitt

Holmefjord peikar på Turøy-ulykka i 2016 som grunn til at oppfølginga burde vere god i dag.

Equinor og Bristow har gjort seg mykje erfaring frå 2016. Det gjorde at ein veldig kjapt fekk på plass pårørandesenter og stab for å ta vare på dei som både var direkte og indirekte involverte, og dei pårørande, seier han.

Han håpar Equinor og Bristow følger opp dei som er direkte involverte i ulykka utanfor Sotra.

Også dei som ofte reiser ut til Nordsjøen.

– I 2016 var det ein del som slutta offshore fordi dei ikkje torde lenger. Det må ikkje skje nå. Oppfølging er viktig, seier Holmefjord.

Tidslinje: Helikopterstyrten vest for Sotra

Slik gjekk det med helikopteret som styrta vest for Sotra i Vestland. Dei nyaste oppdateringane er nedst i tidslinja. Fleire av tidspunkta er henta frå Hovudredningssentralen (HRS).

– Betre da enn nå

Oljearbeidar Bjørge jobba også offshore under Turøy-ulykka. Han meiner oppfølginga var mykje betre da.

– Pilotar kom inn og snakka med oss. Det gjorde oss trygge, seier han.

Bjørge seier han har snakka med fleire kollegaer som seier det same som han om oppfølginga etter helikopterstyrten utanfor Sotra.

– Det burde vore betre. Dei fleste kjenner seg trygge på at helikopteret er trygt. Men det er jo ei usikkerheit når vi ikkje veit kva som har skjedd.

Sikorsky S92 SAR helikopter to dager før ulykken

Oljearbeidar Espen Bjørge er ikkje særleg glad for at Sikorsky S-92 helikoptera har blitt sette i drift igjen når vi ikkje veit kva årsaka til styrten er.

Foto: Fredrik Lygre

Har pilot tilgjengeleg for samtale

Petter Sem-Henriksen i Bristow Noreg seier Bristow prøver å ha ein pilot tilgjengeleg på gate før avgang med helikopter.

– Dette gjer vi nokre dagar framover og vil etter kvart vurdere behovet, seier han.

Han meiner Bjørga si erfaring er eit enkelttilfelle.

– Dette er og har vore ei krevjande tid for alle som jobbar i oljenæringa. Det er mange ulike behov for oppfølging og informasjon. Me gjer vårt beste for at alle skal kjenne seg tatt vare på, seier han.

Raymond Midtgård, forbundsleiar i Safe, seier tilbakemeldingane frå oljearbeidarar er at dei har blitt godt varetatte.

– Alle har fått tilbod om samtale. Dei som skal ut og fly, har fått god oppfølging, seier han.

Midtgard påpeikar at det er forskjell på korleis folk reagerer på slike hendingar. Han seier det likevel er viktig at alle får eit tilbod om hjelp.

06/3 klokka 11: Etter publisering har NRK lagt til Petter Sem-Henriksen i Bristow sin karakteristikk av Bjørga si oppleving som eit enkelttilfelle og sitatet om at Bristow gjer det dei kan for dei tilsette i oljenæringa.