Hopp til innhold

I isolat med koronasmitte: – Det er absurd og litt uverkeleg

Trygve Reinertsen (51) frå Klepp har vore i isolasjon i halvannan veke. Han blei smitta av koronaviruset etter ein skiferie i Nord-Italia.

Trygve Reinertsen koronasmittet

ISOLERT: 51-årige Trygve Reinertsen sit i isolat i kjellarstova si på Klepp. Men, han er glad for å kunne hindre at han smittar andre, og er med godt mot etter halvannan veke.

Foto: Privat

– Det er ikkje til å nekte for at det er absurd og litt uverkeleg, seier 51-åringen.

Som mange andre i same situasjon har han vore på vinterferie i Nord-Italia og fekk med seg viruset derifrå.

Familien derimot, blei ikkje smitta. Medan Reinertsen er isolert aleine i kjellarstova, er resten av familien i karantene i etasjen over.

– Det er jo litt stussleg sjølvsagt, det jo ikkje kjekt å vere i isolat, vedgår 51-åringen.

Likevel meiner han at noko anna enn å sitje i isolat ville vore utenkjeleg.

Trygve Reinertsen og kona Siri Berland Reinertsen på skiferie i Nord-Italia.

SKIFERIE MED BISMAK: Trygve Reinertsen og kona Siri Berland Reinertsen på skiferie i Nord-Italia. Ein ferie som skulle ende i karantene og isolat.

Foto: PRIVAT

– Skrekken hadde vore om eg smitta andre. Det hadde vore uakseptabelt, så eg er innforstått med at situasjonen er som han er, slår han fast.

Ingen problem å stå fram

Reinertsen bur på Klepp i Rogaland, som er fylket med flest smittetilfelle per innbyggjar. Minst 48 personar i fylket har fått påvist koronavirus og ni kommunar er ramma.

Det er ikkje mange som har stått fram med viruset, trass i at talet på smitta har auka stort dei siste dagane. Sjølv meiner 51-åringen det er naturleg å snakke om.

– Det er noko som tilfeldig har ramma ein, så eg har ikkje noko problem med å snakke om det, seier Reinertsen.

Trygve Reinertsen (51) på skiferie i Nord-Italia.

RETT I KARANTENE: Trygve Reinertsen måtte rett i karantene etter å ha vore på skiferie.

Foto: PRIVAT

Hamna i karantene etter ferie

Han og familien tok kontakt med legevakta umiddelbart etter dei landa heime i Noreg. Ettersom ein i reisefølgjet kjende seg dårleg, hadde dei allereie då mistanke om smittefare.

– Då var det rett i karantene. Eg hadde ingen symptom den gongen, seier Reinertsen.

Dei nyaste tala viser ei auke på 85 smittetilfelle i Noreg, og no set styremaktene ned foten for arrangement med fleire enn 500 deltakarar.

Det siste døgnet har det dukka opp smitte som ikkje kan sporast, og Helsedirektoratet seier epidemien er inne i ei ny fase.

Gler seg til å komme ut

Reinertsen har vore i isolat i omtrent halvannan veke, og skal blir sitjande minst éi veke til. Han får tett oppfølging av kommuneoverlegen.

– Det skal bli godt å kome tilbake igjen, seier Reinertsen.

Å vere smitta av koronaviruset har ikkje vore dramatisk for Reinertsen. Han har vore svært nøgd med oppfølginga frå kommunen, og har ikkje vore alvorleg sjuk som følgje av viruset.

– For min del har dette vore ein heilt vanleg influensa, og eg har ikkje tenkt på det som noko anna enn det. Bekymringa eg har hatt er effekten dette kan ha på folk med redusert immunforsvar og risikogruppa, seier han.

siluett av mann med feber
De første dagene opplever de fleste feber. Det kan føre til muskelsmerter, utmattelse, frostanfall og svimmelhet. Generell uvelhet og diaré. De fleste viser tegn til bedring etter seks til syv dager.
silhuett av mann med hodepine, hals og nese smerter
I tidlig fase av sykdommen vil vanlige symptomer være vondt i hode, tørrhoste og rennende nese. Etter hvert, dersom viruset forverrer seg, kan en oppleve slimhoste og blodig opphostet slim.
silhuett av mann med vondt i lungene
Neste fase av sykdommen er tung pust og/eller brystsmerter. Akutt lungesvikt eller åndenød som krever oksygentilførsel kan forekomme i de verste tilfellene. Symptomene oppstår som regel rundt femte sykdomsdag.
silhuett av mann med symptomer på coronavirus
I noen tilfeller har koronaviruset ført til nyresvikt. Symptomer på dette er hyppige toalettbesøk, hevelser i bena og under øynene, høyt blodtrykk og/eller tretthet og svakhet.

Flere nyheter fra Rogaland