Den siste trolleybussen i Stavanger vart kopla frå i 1963. Men no kan bussar på straumnettet på ny bli å sjå i trafikken på Nord-Jæren. I alle fall om fylkesrådmannen får det som han vil.
– Trolleybuss er ikkje gamaldags. Det er noko heilt anna som blir levert i dag enn som gjekk her på 60-talet, seier Tore Jensen, prosjektleiar Bussvei2020.
- LES OGSÅ:
Dyrt og grønt
Bussvegen mellom Stavanger, Sola og Sandnes skal stå klar i 2021. Fylkeskommunen har leita etter kva som er den beste løysinga, og enda opp med trolleybuss.
– Det er det alternativet som er mest miljøvenleg. Det er det mest kostbare, men om me går for den beste løysinga for miljøet, både lokalt og globalt, så er trolleybuss det einaste alternativet, som er utprøvd, som kan leverast i stor skala.
- LES OGSÅ:
Forslaget går ut på å kjøpa inn cirka 60 trolleybussar og setja opp køyreleidningar langs bussvegen, som skal gå frå Risavika i Sola til Vatne i Sandnes.
Men trolleybussar vil kosta 700 millionar kroner meir enn vanlege dieselbussar.
– Ein sparar inn ein del på drifta. Straum er billigare enn diesel, seier Jensen.
– Det er billigare enn bybane, meir fleksibelt og det er miljøvenleg. Så det er eit bra kompromiss, seier påtroppande fylkesvaraordførar Marianne Chesak (Ap), som i alle fall har støtte frå Venstre. I tillegg er noverande fylkesordførar Janne Johnsen veldig positiv til trolleybuss, som skal diskuterast i samferdsleutvalet i morgon. Det skal avgjerast i Fylkestinget den 20. oktober.
- LES OGSÅ:
Gamle motargument gjeld endå
«Fagfolka har mange sterke argument for dieselvogner. Dei er billegare i innkjøp, billegare i drift og greiare reint trafikkteknisk» fekk ein vita i Dagsrevyen i 1970. Og dei same argumenta for dieselbilar gjeld i dag.
– Han har utsleppsnivå som er fullt akseptable og kostnadsnivået er betydeleg under trolleybuss, seier Terje Halleland, fylkesvaraordførar (Frp).
– Det vil føra til ei redusert satsing på kollektiv andre stader i fylket, held Halleland fram.
Men Chesak i Arbeidarpartiet meiner ein må ofra litt for det grøne skiftet. Men ho vil også at staten skal gjera sitt.
– Om me vil ha det grøne skiftet, då må me stå for det og alle må løfta i lag. Me meiner at staten må ta ein større del av denne rekninga, seier Chesak.