NRK Meny
Normal

Her bruker trafikantane mest tid i kø

Stavanger er byen i landet kor trafikantane bruker mest tid i kø, ifølge NAF. Måndag lanserer forbundet ein nasjonal kampanje som skal visa kor tida går tapt i trafikken.

NAF-kampanje

E39 i Stavanger er sterkt trafikkert, spesielt i morgon- og ettermiddagsrushet.

NAF-kampanjen «Kampen om tiden» blir lansert over heile landet måndag 31. august. I Oslo blir den sparka i gang av administrerande direktør Stig Skjøstad i NAF.

I Stavanger har den lokale NAF-avdelinga eit arrangement på Jernbanestasjonen i Stavanger og på «Ruten» i Sandnes. Det skjer mellom klokka sju og åtte på morgonkvisten.

– Denne landsomfattande aksjonen handlar om kvardagsreisa til folk. Tidsklemma gjeld mange, og ei av årsakene til det er samferdslesituasjonen. Trafikantar brukar i dag enormt med tid på å komma fram, anten det er jobb eller fritid, seier Thor B. Jåsund, leiar i samferdselspolitisk komite NAF avdeling Stavanger og omland, til NRK.

21 prosent av reisa i kø

Thor Jåsund

Thor B. Jåsund, leiar i samferdselspolitisk komite NAF avdeling Stavanger og omland.

Foto: Magnus Stokka

Blant dei fire største byane i landet, er det i Stavanger trafikantane bruker mest tid i kø, ifølge NAF. 21 prosent av kvardagsreisa går med til køståing i oljebyen, mot 15 prosent i Oslo og 16 prosent i Bergen (sjå tabell nedst i artikkelen).

– Me skal gjennom kampanjen visa kor tida går tapt i trafikken og komma med konkrete løysingar for norske trafikantar, seier Jåsund.

Barnefamiliane er dei som er minst fornøgde med kvardagsreisa, og dei som opplever mest kø og forseinkingar. Det er også dei som bruker bilen mest, ifølge NAF.

Slik kan du bidra

Ifølge NAF kan trafikantane bidra til å løysa dei trafikale utfordringane med bevisste transportval.

Fleire kan samkøyra til jobben med nokon som skal same veg, parkera bilen utanfor byen og ta bussen inn til sentrum, reisa kollektivt, sykla eller spør sjefen om fleksibel arbeidstid slik at ein kan reisa utanom rushtida.

– For at trafikantane skal kunna velja må styresmaktene ta dei retta grepa. I byane må det satsast på kollektiv, innfartsparkeringar og sykkel, seier Jåsund.

TID I KØ I BYANE:

BY:

TID I KØ AV KVARDAGSREISA:

Stavanger

21 prosent

Bergen

16 prosent

Oslo

15 prosent

Tromsø

11,3 prosent

Trondheim

8,4 prosent (kjelde: NAF)