Hopp til innhold

Her kjem lasta som skal hindra tøy-krise på sjukehuset

I kveld fekk Stavanger universitetssjukehus (SUS) eit lastebillas med reine klede frå Helse Bergen. Leveransen skal bidra til å sikra arbeidstøy til dei sjukehustilsette mens vaskeristreiken går føre seg.

Klær til Stavanger Universitetssjukehus

Her får Emma Husabø Manin ved Stavanger universitetssjukehus eit lastebillas med reine klede frå Helse Bergen. Årsaka er at vaskeria som normalt leverer klede til sjukehuset i Stavanger er i streik.

Foto: Ole Andreas Bø

I helga har Helse Bergen bokstavleg talt teke seg av skittentøyet til Stavanger universitetssjukehus. Årsaka er at vaskeriet, som normalt tar seg av denne vasken, sidan fredag har vore hardt ramma av streik.

Leif Sande

Forbundsleiar i Industri Energi, Leif Sande, går hardt ut mot Norsk Industri etter utsegn som har kome i samanheng med den pågåande vaskeristreiken.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Måndag kveld kom ein lastebil med reine klede frå nabobyen lenger nord på Vestlandet. Leveransen sikrar ei etterlengta forsyning av reint tøy til helsepersonellet på SUS.

– Men denne situasjonen er ikkje spesielt god, og kvart minutt vurderar me kor lenge me kan driva forsvarleg, seier divisjonsdirektør for intern service, Emma Husabø Manin, ved SUS.

Eit av tiltaka dei nå har sett i verk er at dei tilsette berre får ut eitt sett med tøy kvar dag.

– Førebels er det ikkje fare for liv og helse, men me veit ikkje korleis situasjonen blir dersom streiken held fram i dagane som kjem, seier Husabø Manin.

Avslår dispensasjonar fortløpande

Og det er lite som tyder på at det blir ei snarleg løysing på streiken. Det var fredag morgon 190 vaskeritilsette blei tekne ut i streik i Stavanger, Sandnes, Bergen og Trondheim.

Då hadde meklinga mellom LO-forbundet Industri Energi og arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri vart i fleire timar på overtid. Usemja står om løn.

Stein Lier-Hansen.

Stein Lier-Hansen er administrerande direktør i arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri.

Foto: Andersen, Ståle / SCANPIX

– Førebels er det lite som tydar på at me er nærme nok til å innleia nye forhandlingar, seier administrerande direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, til NRK.no.

Men i tillegg til arbeidskonflikten er det ei prinsipiell usemje mellom partane over korleis streiken blir utført. Årsaka er at Norsk Industri ikkje vil gi dispensasjon til dei streikande, sjølv ikkje om situasjonen ved SUS skulle utvikla seg til å handla om liv og helse.

– Me vil avslå dispensasjonar fortløpande, for me kan ikkje ha ein streik der Industri Energi nærmast spekulerer i dispensasjonar. Dei tar folk ut i streik, så skal dei deretter skal få dispensasjon, det blir ein håplaus situasjon.

– Men kva om styresmaktene seier det er fare for liv og helse?

– Dersom det skjer meiner me at staten må gripa inn med tvungen lønsnemnd. Det er derfor me har ein institusjon som heiter tvungen lønsnemnd, seier Lier-Hansen.

Stavanger universitetssjukehus

Det er Berendsen Tekstil Service som leverer klede til dei tilsette på SUS (bilete). Her er 22 av 26 arbeidarar ute i streik.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Grotesk av Norsk Industri

Dette utspelet får forbundsleiar i Industri Energi, Leif Sande, til å reagera kraftig.

– Her sit det folk i Oslo og drit i sjukehuset i Stavanger, for å pressa staten til å gå inn med tvungen lønsnemnd. Dei skyv sjuke pasientar framføre seg for å få ein stoppar på streiken, noko som er heilt horribelt, seier Sande i intervju med NRK.

Norsk Industri på si side meiner at Sande bør forstå at streik er alvor, og råkar ein tredjepart. Dersom det ikkje skulle vore fare for liv og helse, skulle dei ikkje teke ut personar som har desse funksjonane.

Dette meiner Sande berre er vås.

– Det er heilt normalt at me brukar dispensasjonar i streik. Hovudregelen er rett nok at leiinga i ei bedrift saman med klubben har ein plan for korleis ein streik skal gjennomførast dersom dette skjer, men dersom ein ikkje har dette bruker ein dispensasjonar, seier Sande.

– Det er partane sitt ansvar i ein streikesituasjon å sørga for at det blir gjort avtalar som ikkje vil truga liv og helse. Me har teke vårt ansvar med å innvilga dispensasjonssøknadar. Me har sendt folk på jobb som har sagt at dei kan ta dei oppgåvene. Det er grotesk at Norsk Industri ikkje vil ta det same ansvaret.

Streik på Nor Tekstil

På fredag var streikeviljen stor på Nor Tekstil i Stavanger.

Foto: Rolf Marnburg / NRK