Hopp til innhold

Hotell og offshore råka av vaskeri-streik

190 tilsette ved vaskeri og reinseri går i streik frå fredag morgon. Hotellbransjen og offshoreindustrien i Stavanger, Bergen og Trondheim blir råka.

Vaskeri på sykehus

Mange hotell vil få vanskar med å vaska sengetøy i løpet av dei nærmaste dagane. Vaskeri som handterer sjukehus, som her på Haukeland universitetssjukehus i Bergen, vil i større grad bli skjerma i dette streikeuttaket

Foto: Helse Bergen

LO-forbundet Industri Energi og arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri klarte ikkje å koma til semje innan meklingsfristen ved midnatt.

Industri Energi skriv i ei pressemelding at dei ikkje fekk innfridd kravet sitt om ein varig lønsauke for sine medlemmer, og tek dermed 190 vaskeritilsette ut i streik frå fredag morgon.

– Medlemmene våre vaskar for sjukehus, aldersheimar og for offshore. Mange har knapt nok løn til å forsørgja seg eller ha nok opptening til avtalefesta pensjon. Dei fortener eit solid lønslyft, seier forbundsleiar Leif Sande i Industri Energi til NTB.

Ifølgje forbundet er dei tilsette i vaskeri- og reinseribedrifter i hovudsak kvinner som tener 86 prosent av ei gjennomsnittleg industriløn.

Norsk Industri seier dei har strekt seg langt for å koma motparten i møte.

«Industri Energi kravde innføring av ei garantiordning som ville bety ei normalløn på minst 90 prosent av gjennomsnittet i industrien. Ei slik føresegn vil gje ein dramatisk lønsauke langt over tidlegare oppgjer, og den vil ha varig effekt», skriv Norsk Industri i ei pressemelding fredag.

Hotell og offshore blir råka

Det er i hovudsak tilsette ved vaskeri og reinseri som vaskar og reinsar sengetøy, arbeidstøy, uniformar og kokketøy til hotell, offshorebedrifter og private i Bergen, Stavanger og Trondheim som blir tekne ut i streik.

Vaskeri som handterer sjukehus og helseinstitusjonar blir i større grad skjerma i denne omgang.

  • Sjå oversikta over alle bedrifter som risikerer å bli tekne ut i vaskeri-streik her.

Oversikt over bedriftene som er tekne ut i streik fredag morgon:

  • Berendsen Tekstil Service AS, Bergen
  • Hygienisk Vask og Rens AS, Bergen
  • Nor Tekstil AS, Bergen
  • Nor Tekstil AS, Kvinnherad
  • Nor Tekstil AS, Evanger
  • Nor Tekstil AS, Stavanger
  • Berendsen Tekstil Service AS, Sandnes
  • Renseriet Sandnes, Sandnes
  • Berendsen Tekstil Service, Trondheim
  • Nor Tekstil AS, Midtre Gauldal, Sør-Trøndelag
  • Storvask AS, Trondheim
  • Trondheim Vask og Renseri AS, Trondheim
  • Nor Tekstil AS, Austrheim
  • Agder Sentralvaskeri A/S, Tvedestrand
  • Kvikk Vask & Rens AS, Mo i Rana

AKTUELT NÅ