Hopp til innhold

Tørken forverrar lusekrisa for villfisken

Dei tørre vassdraga på Vestlandet fører til at sjøauren og villaksen får på seg meir lus i sjøen, ifølge Havforskingsinstituttet.

Steinar Egeland

Det er negativt for den luseplaga laksen og sjøauren når den ikkje får komma opp i elvane. Her ser oppsynsmann Steinar Egeland kor laksen vaker i Figgjoelva.

Foto: Magnus Stokka

– Sjøauren som skal opp i elvane for å gyta kan bli gåande i fjordane og elvemunningane i fleire veker lenger enn normalt. Dersom det er mykje lakselus frå før, vil fisken bli hardare ramma av lus, seier seniorforskar ved Havforskingsinstituttet, Pål Arne Bjørn.

Det same kan skje med villaksen, sjølv om det er sjøauren som er hardast ramma av lakselus, ifølge seniorforskaren.

Mange lakseelvar på Sør – og Vestlandet er svært tørre om dagen, blant anna Bjerkreimselva i Rogaland. Det gjer at laksen ikkje går opp i elva, men blir ståande i havet.

Fisken kan få sår

Pål Arne Bjørn

Pål Arne Bjørn i Havforskingsinstituttet.

Foto: Havforskningsinstituttet

Det er ikkje berre dårleg nytt for dei som sel fiskekort. Også dei som er uroa for det svært høge lusenivået i sjøen, har grunn til ytterlegare uro.

– Fisken som får meir lus ved å vera i havet kan få sår og ikkje greia å gyta slik den skulle, seier Bjørn i Havforskingsinstituttet.

Figgjoelva i Rogaland er blant dei største lakseelvane i landet. Her har det knapt blitt fiska ein einaste fisk denne sesongen. Oppsynsmann for laksefisket på Sele (den nedste delen av elva), Steinar Egeland, forklarer dette med svært lite vassføring i elva.

Og sjølv om denne elva ikkje er blant dei som er mest plaga av lus, er også han

Steinar Egeland

Steinar Egeland har oversikta på Sele.

Foto: Steinar Egeland

svært uroa for at fisken ikkje kjem seg opp i elvane.

– Det er klart at dess lenger fisken går ute i beltet der det er mykje lus, dess meir lus får den på seg. Får småfisken for mykje lus, døyr den. Det er krise, slår han fast.

Håpar på nedbør

Ifølge seniorforskar Pål Arne Bjørn i Havforskingsintituttet er det to ting som nå kan betra lusekrisa på Vestlandet.

– Først og fremst bør me få nedbør, men det kan me jo ikkje gjera så mykje med. Det andre er at oppdrettsnæringa, som har ansvaret for lusesituasjonen langs kysten, må arbeida seriøst for å halda lusenivået nede.

Også lakseoppsynsmann Steinar Egeland håpar på meir enn ein liten regnskur den kommande tida.

– Meir nedbør vil forbetra alt, slår han fast.

Flere nyheter fra Rogaland