Hopp til innhold

Tore (66) kan spara over 30.000 kr på bompengerot i år – men jublar ikkje

Pendlarar i verdas lengste undersjøiske biltunnel sparer på kort sikt mange tusen kroner på bompengetrøbbel. Men dei veit at dei ein gong må betala.

Tore Voster sparer mye penger hver måned på at det ikke betales bompenger i Ryfast

GRATIS BOM: Tore Voster sparer mykje kvar månad på at bompengeinnkrevjinga i Ryfast-prosjektet ikkje har starta.

Foto: Hilde Torgersen/Ole Andreas Bø / NRK

– Det er ei skam for Vegvesenet at dei ikkje klarer å få på plass utstyret som krevst for å ta inn bompengar. Det er kritikkverdig, seier Tore Voster (66).

Han pendlar dagleg til jobb med dieselbil gjennom verdas lengste undersjøiske biltunnel, Ryfylketunnelen, som opna på tampen av fjoråret.

Tunnelen erstattar ferjesambandet Tau-Stavanger.

22. april opna heile Ryfast-prosjektet, som er Noregs største vegprosjekt. Då var planen at bompengeinnkrevjinga skulle ta til.

Men så langt har ikkje bilistane betalt ei einaste krone for køyreturane under sjøen.

Og førre veke blei det kjent at Vegvesenet hevar kontrakten med det spanske selskapet som skulle levera det tekniske utstyret for å krevja inn bompengar. Årsaka er store forseinkingar og at utstyret ikkje held mål.

Fleire månadar utan bompengar

Feilen blei oppdaga i desember i fjor, opplyser Vegvesenet til NRK. Heile Ryfast-prosjektet kostar 12 milliardar kroner.

Nå må Vegvesenet lysa ut ny anbodskonkurranse. Det betyr igjen fleire nye månadar utan bompengar i Ryfast.

Og det er usikkert om innkrevjinga kan starta før eller etter jul, ifølge bompengeselskapet Ferde.

Dersom det ikkje blir bompengar før jul, betyr det over 31.000 kroner i sparte bompengeutgifter for Tore Voster (sjå faktaboks).

– Det er genialt med gratis tunnel i startfasen. Mange i Stavanger-området har fått lettare reiseveg og har oppdaga Ryfylke. Men for oss som pendlar kvar dag, blir det berre ei utsetjinga av betalinga, seier Voster, som jobbar hos Stangeland Maskin på Sola.

Hundvågtunnel

Det er ennå uklart når det blir bompengar i Ryfast-prosjektet i Rogaland. Her frå Hundvågtunnelen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Staten må ta ekstrarekning

Derfor er ordføraren i heimkommunen hans opptatt av at bilistane ikkje får svi for trøbbelet med bompengeinnkrevjinga.

– Me er veldig fornøgde med å køyra så lenge gratis, men ein gong skal me betala. Då håpar me staten tar ansvaret for ekstrarekninga, seier ordførar i Strand, Irene Heng Lauvsnes (H).

Kvar månad er det nemleg om lag 10 millionar kroner i rentekostnader på Ryfast-lånet på om lag 7 milliardar kroner.

Janne Johnsen på Sunnfjord hotell

Styreleiar i bompengeselskapet Ferde, Janne Johnsen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune er lånegarantistar. Dei har vore uroa for at dei må betala ut delar av lånet.

Det har dei ikkje grunn til, ifølge styreleiaren i bompengeselskapet Ferde.

– Ein får diskutera kven som skal ta kostnaden for det som har samla seg opp til nå. Det vil berre forskyvast i den andre enden av prosjektet si levetid. Men ingen skal betala ut garantiar eller noko som helst per nå, seier styreleiar Janne Johnsen.

Ferde: – Ikkje høgare bomsatsar

Ifølge styreleiaren blir det ei forlenging av bompengeperioden i andre enden, altså om 20 år eller meir.

– Kan du slå fast nå at bilistane ikkje må betala ekstra på grunn av bompengerotet?

– Det er staten som styrer dette. Men det er ingenting som tyder på at bomsatsane blir høgare enn det Statens vegvesen har sagt dei skal vera.

NRK har bede om kommentar frå samferdselsdepartement og samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Dei viser til Statens vegvesen, som deler oppfatninga til Ferde.

Vegvesenet har tidlegare uttalt at dei ikkje burde oppdaga feilen med den spanske leverandøren Tecsidel tidlegare.

– Problema blei avdekt under godkjenningstesten i desember i fjor. Så fekk Tecsidel ein frist til å retta opp, men på grunn av korona drog det dessverre stadig ut i tid, har avdelingsdirektør Per Roald Andersen uttalt til NRK.

NRK har også vore i kontakt med det spanske selskapet Tecsidel utan å få svar.