Hopp til innhold

Tine taper millionbeløp på ferjetrøbbel

Boknafjord-ferjene har berre gått som normalt fire dagar etter nyttår. Ferjeselskapet har sendt ut 32 meldingar om forseinkingar og endringar i denne perioden.

Stavangerfjord i Arsvågen

Ferjetrafikken over Boknafjorden har hatt ein vanskeleg start i 2017.

Foto: Jan Kåre Ness

Transportsjefen til Tine meieri, Kristin Vesterheim, får tilbakemeldingar frå sjåførane sine jamt og trutt. Innstillingar og ruteendringar på ferjene over Boknafjorden fører til forseinkingar som kostar selskapet dyrt.

Portrettbilde av Kristin Vesterheim, Transportsjef Tine, interiørt

Tine taper millionbeløp på ferjetrøbbelet i Boknafjorden, seier Kristin Vesterheim, transportsjef i Tine.

Foto: Sebastian Laksfoss Cardozo / NRK

– Kor mykje har eg ikkje våga å rekna på ennå, men det er ikkje lite, seier Vesterheim.

– Er det i hundre tusen eller i millionklassen?

– Nei, nå byrjar me å snakka om millionbeløp, slår ho fast.

Amputert samband

Ferjeruta over Boknafjorden i Rogaland er Norges nest mest trafikkerte. Det er tre ferjer i sambandet, men etter nyttår er det berre fire dagar at alle ferjene har gått som dei skulle.

Til saman 32 meldingar om mindre kapasitet enn normalt, eller om innstillingar og utsetjingar av avgangar, har ferjeselskapet Fjord1 sendt ut hittil i år.

– Eg hadde tenkt å servera eit tal her i dag om kor mange dagar det var trøbbel på sambandet, men så blei det mykje enklare å fortelje om dei fire dagane som det faktisk har fungert som normalt, seier regiondirektør i NHO Rogaland, Svein Olav Simonsen.

NHO regiondirektør i Rogaland, Svein Olav Simonsen på frokostmøte på Sola, mars 2017

Regiondirektør Svein Olav Simonsen har berre opplevd fire dagar utan ferjetrøbbel over Boknafjorden, vinteren 2017.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Han fortel om mange sinte tilbakemeldingar frå transportbedrifter og andre bedrifter som fraktar varer mellom sør og nord i Rogaland.

Jubileumstrøbbel

– Ferjene i sambandet er ti år gamle og då må dei gjennom ein skikkeleg sjekk på verkstad. Me gjorde unna tre ferjer før jul og nærmar oss nå ferdig med dei tre siste, seier regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1.

Tor Kristoffersen, Fjord1

Tor Kristoffersen er regionleiar i Fjord1.

Foto: Fjord1

Han viser til at kontrakten mellom Fjord1 og Statens vegvesen ikkje inneheld nokon avtale om reserveferje, når dei seks ferjene er på verkstad.

– Me har funne ei løysing saman med Vegvesenet nå mellom nyttår og påske, men etter påske er det slutt på den, seier Kristoffersen.

Det er ferja Sulafjord, som har om lag halve kapasiteten som dei andre ferjene, men som har hjelpt godt på kapasiteten til sambandet, fortel Kristoffersen.

Ny reservekai

Mange dagar med sterk vind i vinter har også ført til vanskar for ferjesambandet. Blir det stiv kuling eller større vindstyrke frå nord-nordvest, så får ferjene problem med å leggje til i Mortavika på Rennesøy sør for fjorden.

Då må ferjene gå den lange vegen til Mekjarvik i Randaberg og då blir det maksimalt ein avgang i timen, kvar veg.

– Det er Vegvesenet som bør stadfeste dette, men det verkar som dei reknar med å kunne opne ein reserveferjekai på Hanasand på Rennesøy i løpet av våren eller sommaren, og det vil korte ned reisetida kraftig på dagar med sterk vind, seier Kristoffersen i Fjord1.