Hopp til innhold

Sykkelritt i verdas lengste vegtunnel

I denne undersjøiske tunnelen mellom Stavanger og Strand blir det sett verdsrekord neste år. Aldri før har det blitt arrangert sykkelritt så djupt under havoverflata.

Ryfylketunnelen

Det djupaste punktet i Ryfylketunnelen ligg 292 meter under havet. Aldri før har det blitt arrangert sykkelritt så djupt under havoverflata.

Foto: Magnus Stokka

Mot slutten av 2019 opnar verdas lengste og djupaste vegtunnel i Rogaland, den 14,3 kilometer lange Ryfylketunnelen mellom Stavanger og Strand i Ryfylke.

Den er ein av tre tunnelar i Ryfast-prosjektet (sjå faktaboks) som vil meir enn halvera reisetida, samanlikna med dagens ferjetur.

Gunnar Eiterjord

Ryfast-sjef Gunnar Eiterjord.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Men før snora blir klypt neste år, og dei første bilistane kan køyra ferjefritt mellom Stavanger og Ryfylke, skal det bli arrangert eit sykkelritt frå botn av tunnelen.

I fjor var det snakk om ein prolog i sykkelrittet Tour des Fjords. Men nå ser det ut til at det blir ein spesial-etappe i samband med det nye sykkelkonseptet Hammer Series (sjå faktaboks), som blei arrangert i Stavanger og Sandnes i helga.

– Saman med Hammer-prosjektet har me ein plan om ein spesial-etappe frå botn av Ryfast og opp. Det trur me blir spanande, seier prosjektleiar for Ryfast i Statens vegvesen, Gunnar Eiterjord.

Profflaga positive

Dagleg leiar i Hammer Stavanger, Roy Hegreberg, har snakka med sykkellaga. Dei lovar å stilla på det spesielle sykkelrittet.

– Eg trur me køyrer dette som eit eige løp, med to ryttarar frå kvart lag, laurdag eller søndag under Hammer Stavanger neste år.

Roy Hegreberg, Tour des Fjords

Dagleg leiar for Tour dess Fjords og Hammer Stavanger, Roy Hegreberg.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Dette betyr også verdsrekord neste år. Aldri før har eit sykkelritt blitt arrangert så djupt under havet, ifølge rittsjef Hegreberg. Det djupaste punktet i Ryfylketunnelen ligg 292 meter under havet.

Tidlegare har sykkelrittet Tour des Fjords gått gjennom Bømlafjordtunnelen i Hordaland, men den er «berre» 262,4 meter under havet. Hegreberg er også sjef for dette sykkelrittet.

– Det gjekk veldig bra då me køyrde gjennom Bømlafjordtunnelen. Nå ønsker me berre å sykla opp bakken i Ryfast fordi det er risiko knytt til å sykla ned i tunnelen. Det blir ein fantastisk bakke og tunnelen vil laga kule kulissar for rittet, seier Hegreberg.

Publikum må stå utanfor tunnelen

– Men korleis blir det for publikum med eit sykkelritt i ein undersjøisk tunnel?

– Vanlege publikummarar må nok følgja rittet utanfor tunnelen. Men syklistane kjem jo ut av tunnelen òg. Me må også få til at folk kan følgja løpet via storskjerm.

Hegreberg trur også mange av dei mange hundre arbeidarane som har vore med å bygd den undersjøiske tunnelen, og som har nødvendige tryggleiksklareringar, vil vera publikummarar inne i tunnelen.