NRK Meny
Normal

Her kan starten gå i Tour des Fjords 2019

Frå botn av verdas lengste undersjøiske vegtunnel, kan startskotet gå for Tour des Fjords i 2019. Det vil i så fall bety verdsrekord.

Fjellhall, Ryfylketunnelen

Denne 3000 kvadratmeter store fjellhallen i Ryfylketunnelen kan bli startpunktet for Tour des Fjords i 2019.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I slutten av 2019 opnar det undersjøiske tunnelprosjektet Ryfast mellom Stavanger og Ryfylke. Når den 14,3 kilometer lange hovudtunnelen (Ryfylketunnelen) står ferdig bygd, vil han vera den lengste undersjøiske vegtunnelen i verda.

Men før snora bli klypt for bilistane mot slutten av 2019, drøymer prosjektleiar Gunnar Eiterjord om å få nokre av verdas beste syklistar ned i tunneldjupet under Hidlefjorden.

– Kanskje det blir ein liten prolog her i 2019 i sykkelrittet Tour des Fjords. Me har snakka litt med arrangøren om det, seier Eiterjord.

Før tunnelen har opna

Gunnar Eiterjord

Prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord, drøymer om prolog frå botnen av Ryfylketunnelen i 2019.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Eiterjord ser føre seg at prologen, som vanlegvis er ein kort tempoetappe mange etapperitt i landevegssykling innleiar med, startar i botnen av det eine løpet i Ryfylketunnelen og går opp til Hundvåg i Stavanger.

– Me får sjå. Dette er framleis på tankestadiet.

Dersom det blir ein realitet, blir det uansett før tunnelen har opna for vanlege trafikantar, forsikrar Eiterjord.

– Sjølvsagt. Me kan ikkje ha sykkeltrafikk her nede når tunnelen har opna. Når tunnelen opnar, er den stengt for sykkeltrafikk.

Alexander Kristoff vinner i Stavanger Tour des Fjords

Her syklar Alexander Kristoff først over målstreken etter femte og avsluttande etappe av Tour des Fjords 2016 i Stavanger. I 2019 kan ein tempoetappe få start i botnen av Ryfylketunnelen i Ryfast.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

Svært positiv rittsjef

Roy Hegreberg

Dagleg leiar i Tour des Fjords, Roy Hegreberg.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Dagleg leiar for Tour des Fjords, Roy Hegreberg, likar forslaget til Eiterjord.

– Dette er ein kul idé og absolutt noko me vil jobba for å få til. Eg trur ein slik prolog kunne skapt mykje merksemd.

Fram til søndag er han opptatt med årets Tour des Fjords, men når det er ferdig lovar han å ta opp att dialogen med Ryfast-leiinga.

– Så får me sjå på aktuelle datoar, om det skal vera ein del av Tour des Fjords, eller om det skal vera eit showløp utanom.

Hegreberg viser til at rittet både i fjor og året før gjekk gjennom den undersjøiske vegtunnelen Bømlafjordtunnelen mellom øya Føyno i Stord og Sveio.

– Me har alt sett verdsrekord under vatn for sykkelritt. Med ein prolog i Ryfast vil det eventuelt bli ny rekord. Dette går an, men det må planleggast.