Hopp til innhold

Turistmagnetar fryktar dårlegare stiar – her vil dei ha bompengar

Trolltunga og Preikestolen er blant turmåla som fryktar dei ikkje lenger får brukt p-inntekter til viktige tiltak i stiane. Trolltunga vil løysa saka med bompengar.

Sommer, DNT Ung, Finvær, Gruppe, Fottur, trolltunga

Det er strid om turistattraksjonar som Trolltunga kan bruka parkeringsinntekter på tiltak i stien. I dag går p-inntekter med til tiltak som fjellvakter og oppgraderingar av stien.

Foto: Jan Halvor Natlandsmyr / DNT

– Manglande inntekter vil svekka dei førebyggande tiltaka og føra til fleire farlege situasjonar og redningsaksjonar, seier dagleg leiar i Trolltunga AS, Åse Marie Evjen.

For turistattraksjonen i Hardanger er det derfor ein stor nedtur å ikkje få lov til å bruka parkeringsinntektene på tiltak i stien og på fjellvakter.

– Trolltunga er ein av dei største turistattraksjonane i Noreg og må drivast på ein forsvarleg måte, seier Evjen.

Strid om lovtolking

Dette er kort fortalt bakteppet for parkeringsstriden:

Skal du gå til Preikestolen og har bil, må du i dag ut med 250 kroner på parkeringsplassen.

Ved Trolltunga er p-avgifta dobbelt så stor, 500 kroner.

Dyrt?

Fjellvakt Leiv Varberg

Ved Trolltunga innførte dei naudbuer i 2016 og fjellvakter i 2017. Etter det er redningsaksjonane meir enn halvert. Her er fjellvakt Leiv Varberg i aksjon.

Foto: Åse Marie Evjen

Vel, pengane går med til dagleg drift og tiltak i stiane.

I fjor blei det brukt nesten 900.000 kroner på stien til Trolltunga og litt meir på fjellvakter. Dette har igjen halvert talet på redningsaksjonar.

Halvparten av investeringane blir dekka av parkeringsinntekter.

Årsaka til at turmåla nå fryktar at dei ikkje lenger kan bruka p-inntektene på tilrettelegging i naturen, er strid om tolkinga av friluftslova § 14. Den handlar om avgift til friluftsområde (sjå faktaboks).

Problemstillinga er aktualisert på grunn av stadig fleire populære turmål i landet og gjennom striden om turisttrafikken på Nordkapp. Den enda med gratis parkering ved Nordkapplatået.

– Det må vera viktig for store naturattraksjonar som Trolltunga å få nok inntekter til å finansiera alle kostnadar sjølv. Det er ikkje rett at små kommunar må betala for dette, meiner Evjen i Trolltunga AS.

Bro ved fjellvakthytte Floren

Her er det bygd bru ved fjellvakthytta Floren med god hjelp av parkeringsinntekter. Dette er stien til Trolltunga.

Foto: Trolltunga AS

– I verste fall må me slutta å legga til rette

Ho får støtte frå Stiftelsen Preikestolen.

Forvaltaren av turistmagneten i Lysefjorden hadde i fjor nesten 10 millionar kroner i inntekt på parkeringsanlegget.

70 prosent av parkeringsinntektene går til investeringar, både på p-anlegget og i stien til Preikestolen.

Dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen fryktar konsekvensane dersom det blir slutt på å bruka p-inntekter på tiltak i stien.

– I verste fall må me slutta å legga til rette fasilitetane utanfor parkeringsanlegget. Det går på stien, tryggleik, beredskap og toalettforhold, seier Helge Kjellevold.

Kjellevold seier det vil krevja meir pengar frå både stat og kommune dersom dei store turistmåla ikkje får lov til å investera i sti-tiltak med pengar frå parkeringspotten.

Preikestolparkering

God plass på den nye parkeringa for elbilar ved Preikestolen fjellstove ein tidleg forsommardag. Her kan 20 elbilar nå ladast, medan eigaren går på tur.

Foto: Magnus Stokka / Magnus Stokka, NRK

Regjeringa tar imot innspelet

Næringsminister Iselin Nybø (V) seier ho forstår uroa til reiselivet.

Ifølge statsråden er dette blant grunnane til at regjeringa nyleg har oppretta eit offentleg utval som skal sjå på problemstillingar for reiselivet.

Iselin Nybø

Næringsminister Iselin Nybø (V).

– Sjølv om mandatet ikkje er klart, veit me at dette er ting som uroar reiselivet. Det gjer at det kan vera vanskeleg å planlegga langt fram. Me får ta ein diskusjon om rammevilkåra fordi norsk natur skal vera tilgjengeleg for alle.

Miljødirektoratet har hatt møte med Stiftelsen Preikestolen om lovtolkinga.

– Det er viktig at turmåla forheld seg til rimeleg p-avgift til enkel opparbeiding. Det er kjedeleg viss folk ikkje vil bruka turområde fordi avgifta er for høg. Avgift er unntaket der det er spesielle utfordringar, seier seksjonsleiar Trond Flydal.

Han understrekar at gratisprinsippet er berebjelken i norsk friluftsliv.

Vil ha bompengar

Åse Marie Evjen er dagleg leiar i Trolltunga AS

Åse Marie Evjen er dagleg leiar i Trolltunga AS.

Foto: Øystein Klakegg

Ved Trolltunga vil dei løysa saka ved å gjera den private vegen til turistattraksjonen, Skjeggedalsvegen, til bomveg.

Då vil avgifta blir delt i to, 200 kroner i bompengar og 300 kroner i p-avgift. Det vil gi same totalkostnad fotturistane med bil har i dag.

– Bompengane vil då kunna brukast til vedlikehald av vegen, men også til fjellvakter og tiltak i stien. Parkeringsavgifta blir brukt til tiltak i sjølve parkeringsområdet, forklarer Evjen.

Bompengesaka skal opp i kommunestyret i Ullensvang 15. juni.

Flere nyheter fra Rogaland