Hopp til innhold

Salim og Marie-Line gjekk mot Trolltunga i joggebukse – utløyste full redningsaksjon

Med tynne klede og sko, lite tid og utan lys la det franske paret ut på den krevjande turen i Hardanger. Redningsmannen deira ber om strengare reglar for kva tid det er lov å gå turen.

Trolltunga redning

TUR: Salim Rahal og Marie-Line Depeix måtte reddast ned att frå stien til Trolltunga. Dei er på bubiltur i Noreg.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Me visste ikkje at det ikkje var mogeleg, seier Marie-Line Depeix.

Saman med kjærasten Salim Rahal prøvde ho å ta seg opp til Trolltunga onsdag.

Tur-retur tek det under normale forhold mellom sju og ti timar å gå til det ynda turmålet i Ullensvang. Det er ikkje tilrådd å gå turen mellom oktober og mai i det heile.

Trass i at det finst mange åtvaringar både på nett og med skilt der stien byrjar, byrja dei to franskmennene å gå.

Utan lykt la dei i veg få timar før det vart mørkt. Dei hadde jakker, joggebukser og sko som liknar tøffelaktige Uggs.

Trolltunga

VINTER: Slik kan det sjå ut på Trolltunga om vinteren.

Foto: Trolltunga Active

– Det er ikkje nok, konstaterer Depeix om valet av sko. Dei to er heller ikkje vande fjellfolk.

Då mørket byrja å falla på i firetida, ringde dei politiet. Paret tok seg inn i ei av naudbuene langs stien opp til Trolltunga.

Der var dei til Røde Kors sitt lag på fire personar kom fram i 21-tida. Aksjonen var over då dei var nede att kring midnatt. Der vart dei formante av politiet som hadde rykka ut, og erkjente at dei hadde feilvurdert den norske fjellheimen.

– Me var heldige, seier Depeix.

Røde kors reddar to franskmenn frå Trolltunga

REDDA: Røde Kors og paret på veg ned att.

Foto: Tyssedal Røde kors

– Set andre i fare

– Ein må ikkje gjera slikt. Ein set både seg sjølv og redningsmannskapa i fare.

Det seier Leiv Varberg i Tyssedal Røde Kors som var med på å redda ned Depeix og Rahal.

Trolltunga redning

ÅTVARING: Før ein byrjar turen blir ein åtvara om at det berre er guida turar som bør gå til Trolltunga mellom oktober og mai.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

I 2016 var det 42 redningsaksjonar på Trolltunga. Etter auka bevisstheit dei siste åra har det blitt færre aksjonar. Ifølgje Hardanger Folkeblad var det fram til august i år ni aksjonar langs stien til det populære turmålet.

– Eg trudde folk var såpass opplyst at dei tenkjer at dei ikkje kjem til å klara dette. Men tvert om.

Varberg meiner ein burde hatt sterkare avgrensingar på kva tid ein kan få gå til Trolltunga.

– Absolutt. Og så får det diverre ikkje nokon konsekvensar for den turisten me hentar ut heller, med tanke på å betala tilbake til det offentlege.

Leiv Varberg

REDNING: Leiv Varberg i Tyssedal Røde Kors var med på redningsaksjonen. Det var også hunden Fia.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Fortvilande og unødvendig

– Dette er ikkje fyrste gongen, og blir heilt sikkert ikkje den siste, seier fungerande politistasjonssjef Øystein Torsnes i Hardanger.

Seinast sist veke måtte ein franskmann reddast ned frå ei av naudbuene langs stien til Trolltunga.

– Det er fortvilande for vår del, og ikkje minst for Røde Kors som må bruka mykje frivillige ressursar på å henta ned desse folka, seier Torsnes.

Under denne aksjonen var fem personar frå Røde Kors i sving. I tillegg vart utstyr øydelagd.

– Det burde vera unødvendig, seier Torsnes.

Nødbu Trolltunga

NAUDBU: Det er sett op to slike buer langs stien til Trolltunga.

Foto: Rolf Bøen / Trolltunga AS

Ingen straffereaksjon

Det er likevel ikkje vanleg å straffa turistar som anten overvurderer eigne evner eller undervurderer norsk vinter. Heller ikkje det franske paret i går.

– Hadde det vore heilt hårreisande og dei hadde utsett leitemannskapa for alvorleg fare, kunne det kanskje ha skjedd ein straffereaksjon i etterkant.

Men i Noreg er rednings- og leiteaksjonar gratis for dei som blir redda.

– Slik bør og skal det vera. Det er jo ei flott ordning me har, seier Torsnes.

– Kor dumt er det å leggja ut på denne turen utan nødvendig erfaring og utstyr?

– Eg trur historia talar for seg sjølv.

Trolltunga redning

OVERNATTA: Paret overnatta på parkeringsplassen i Skjeggedal etter redningsaksjonen.

Foto: Lidvard Sandven / NRK