Rein luft, god folkehelse, bra infrastruktur og lite kriminalitet.
Det gir Stavanger ein femteplass på lista over dei 20 mest attraktive byane for europearar å flytte til.
Slik jubla Kari Nessa Nordtun (Ap) valnatta 2019. Ho jublar òg for Stavanger si plassering på lista.
Foto: Jarle Aasland / Aftenbladet– Eg veit ikkje heilt kor eg skal byrje!
Slik bryt Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) ut når ho får vite kor bra byen gjer det på topp 20-lista.
– Det er kjempekjekt at andre ser det som eg – og me som bur her – ser, seier ho.
Nord-Europa dominerer
Verken Oslo, Bergen eller Trondheim får plass i toppen av oversikta til ECA International.
Kvart år rangerer det britiske konsulentfirmaet 490 byar ut frå kor det er best for andre europearar å busetje seg. Selskapet er kjend for store kartleggingar.
Gode sosiale nettverk og fritidsaktivitetar er blant det som gjer ein by fortent til ein plass på lista til ECA. Her frå Gladmatfestivalen i Stavanger.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKBasert på «målbare verdiar» er dette verdas 20 beste byar:
- 1. København (Danmark)
- 1. Bern (Sveits)
- 3. Haag (Nederland)
- 3. Genève (Sveits)
- 5. Stavanger (Noreg)
- 5. Eindhoven (Nederland)
- 7. Amsterdam (Nederland)
- 7. Basel (Sveits)
- 9. Dublin (Irland)
- 9. Luxemburg (Luxemburg)
- 9. Göteborg (Sverige)
- 12. Aarhus (Danmark)
- 12. Rotterdam (Nederland)
- 14. Zürich (Sveits)
- 15. Bonn (Tyskland)
- 15. München (Tyskland)
- 17. Wien (Austerrike)
- 17. Hamburg (Tyskland)
- 19. Stockholm (Sverige)
- 19. Edinburgh (Skottland)
Toronto i Canada er den beste ikkje-europeiske byen for europearar å bu i, men kjem lenger ned på lista.
København kjem igjen ut på topp. Byen har eit eige velkomstsenter for tilflyttarar.
Foto: ScandinavianStockPhotoFor å nå opp, må byane score bra på mellom anna klima, bustader, tilgang på sosiale nettverk, infrastruktur, sikkerheit, og luftkvalitet.
Oslo ligg på 27.-plass, medan Bergen og Trondheim ikkje kjem med i det heile.
– Ikkje tilfeldig
ECA trekk fram det milde vêret som éin av grunnane til at Stavanger kjem høgare opp enn Oslo.
– Derfor er det lettare for tilflyttarar å tilpasse seg, seier Jack Firth i konsulentfirmaet.
Ordførar Kari Nessa Nordtun og Harald Minge i Næringsforeningen får mange lovord om Stavanger når dei reiser og møter næringslivet.
Foto: Harald MingeDet overraskar ikkje leiaren i Næringsforeningen i Stavanger at byen kjem så godt ut.
– Regionen har rundt 20 prosent utanlandsk arbeidskraft, og industrien vår hadde aldri klart seg utan. Me har jobba med dette i 15 år, og har kurs om norsk kultur, drar på skiturar og har over 80 arrangement på engelsk, seier Harald Minge.
Han peiker på samarbeidet mellom kommunen og dei store selskapa som avgjerande.
– Dei som kjem hit, får ein friksjonsfri introduksjon, rett og slett, seier han.
Skryt frå heile verda
Byens ordførar har (naturleg nok) fleire lovord om Stavanger.
– Det er ein heilt fantastisk by å bu i, med gode barnehagar og skular, med fantastisk natur, seier Kari Nessa Nordtun.
Ho er på veg heim frå Paris, kor ho har møtt folk frå næringslivet i heile verda.
– Lyden frå alle eg snakkar med, anten dei er frå Afrika, Asia eller Amerika, er at dei synest Noreg har så flott natur og at folka verkar venlege og imøtekommande, seier ho.
Stavanger viser seg frå si beste side i solskinet.
Foto: Atle Markeng / NRKSjefen i Næringsforeningen var òg med. På reise og i heimbyen får han skryt over Noreg.
– Dei som kjem, likar livsstilen vår: Den norske stilen og kulturen, kor ein har privatliv i tillegg til jobb, seier Harald Minge.
– Og sjølvsagt den flotte naturen og folka. Så er det jo verdas beste region, då, seier han.