Hopp til innhold

I dette kommunestyret er dei like mange kvinner som menn

41 prosent av representantane i kommunestyra er kvinner, og meir enn ein av tre ordførarar er kvinner. – Me må oppmoda kvinner til å ta plass og leiarposisjonar, seier ordførar.

Ordfører Sissel Knutsen Hegdal blir ordfører

I Stavanger er kvinnerepresentasjonen så nær 50 prosent som han kan komma.

Foto: Ingvild Taranger / NRK

– Me har vore gode på å heia på kvarandre som kvinner, og det gjeld på tvers av partia. Det gjer det lettare både å ta ordet og å trivast i politikken.

Det seier Lotte Hansgaard (Ap). Ho har takka ja til ein ny periode i Stavanger bystyre.

I Stavanger er kjønnsfordelinga slik: 33 kvinner og 34 menn.

Hansgaard trur fleire grunnar har vore avgjerande for om ho skulle bli i politikken.

Lotte Hansgaard, ap, stavanger

Lotte Hansgaard meiner åtte år er lenge, og då er det avgjerande at møta kan leggjast til rette familielivet.

Foto: Privat

– Hovudgrunnen er at eg opplever gjennomslag på sakene eg er oppteken av. Me har også klart å leggja fleire møte til dagtid, og vore mykje flinkare til å halda planlagde møtetider.

For henne var det ei stor bekymring kor mykje tid politikken tok frå familielivet.

Nye tal frå SSB viser at andelen kvinner i kommunestyra no er 40,7 prosent, ein framgang på svært beskjedne 0,2 prosentpoeng samanlikna med valet for fire år sidan.

Talet på kvinner i kommunestyra går altså seint oppover. Går det like tregt framover, vil me nærma oss 2050 før dei utgjer halvparten.

Kvinner bringar erfaring som elles ikkje hadde komme

Statsvitar Svein Tuastad meiner dagens tal var som venta.

Kanskje eit sukk av lette, for sjølv om det ikkje er 50 prosent vil eg seia politikken er eit felt som har komme langt når det gjeld kjønnsrettferd. Me er eigentleg nesten i mål.

Han påpeikar at det var store, viktige undersøkingar i forkant av valet som viste at kvinnelege politikarar opplever meir hets.

– Eg var redd for dette, men det verkar ikkje som at det har slått ut.

Han meiner det er to grunnar til at det er viktig at kvinner deltek i politikken.

Svein Erik Tuastad

Statsvitar Svein Tuastad meiner me nesten er i mål når det gjeld kjønnsrettferd i politikken.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Den eine er ei rettferdskjensle og anerkjenning. Så er det også konkret viktig at ein bringar inn erfaringar som elles ikkje hadde komme.

Det er Hansgaard samd i.

Me treng rett og slett å representera begge kjønn, aldrar og etnisitetar. Det er viktig at dei som sit i kommunestyret, veit kvar skoen trykker.

Kvinnelege ordførarar dobla på 20 år

I Stavanger har Arbeidarpartiet for første gong fleire kvinner enn menn: 14 av 22 representantar frå partiet er kvinner.

Eg blir skikkeleg stolt over det. Me har fått til ei endring dei færraste klarer, og me har fått med veljarane på det. Eg tenkjer kvinnene som har fått kryss, skal vera stolte, seier Hansgaard.

Etter kommunevalet i fjor er no nær 37 prosent av ordførarane i landet kvinner.

Ein auke på 1,3 prosentpoeng frå førre kommuneval.

Andelen kvinnelege ordførarar har med det meir enn dobla seg dei siste 20 åra.

– Eg synest det var ekstra stas, og det var kjekke tal å lesa. Me må oppmoda kvinner til å ta plass og leiarposisjonar. Me må seia ja når me får sjansen, seier ordføraren i Stavanger, Sissel Knutsen Hegdal (H).

Ordfører Sissel Knutsen Hegdal blir ordfører

Sissel Knutsen Hegdal (H) overtok ordførarkjeda frå Kari Nessa Nordtun (Ap) i fjor.

Foto: Ingvild Taranger / NRK

Ho er svært fornøgd med kjønnsbalansen i Stavanger.

Me er ulike, har ulik bagasje og er opptekne av ulike saker. At me får det representert i eit viktig organ som bystyret, er eg oppteken av, seier Hegdal.

Ho meiner framleis at 41 prosent ikkje er godt nok på landsbasis. Målet må vera 50 prosent.

Partia må setja kvinnene på listene, men til sjuande og sist så handlar det om at veljarane kryssar og stemmer dei fram, seier Kristin Lode (Frp).

Kristin Lode

Kristin Lode (21) er den yngste representanten i Stavanger bystyre. For henne har det vore viktig å kunna kombinera politikk med studia.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Den unge politikaren på 21 år kjenner ho har vorte teken godt imot i bystyret i Stavanger. Utviklinga for kvinner i bystyret er positiv, seier ho.

Eg trur det handlar om kva kvinnelege kandidatar me har. Me må vera dyktige og gode kvinner på listene som har mot til å stå for meiningane våre og seia ifrå.

Lode meiner det er viktig at fleire kvinner stiller til val.

Eg tenkjer at verda er i endring. Me treng at du som kvinne stiller. Då kan me få fleire kvinner som er med og bestemmer.

Avstemming

Utan personstemmer hadde det vore fleire kvinner i kommunestyra