Hopp til innhold

Statoil vil ikkje avblåsa oljekrisa

I oljebransjen er dei meir optimistiske enn dei har vore på lenge, men hos Statoil er dei forsiktige med å ta for store ord i munn.

Margareth Øvrum

VIL IKKJE TA FOR HARDT I: Konserndirektør for teknologi, prosjekterer og boring i Statoil, Margareth Øvrum, held tilbake når andre jublar for at oljekrisa er over.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Oljenedgangen er bak oss, sa sjeføkonom i Sparebank 1 SR-Bank, Kyrre M. Knudsen, då han la fram ei stor bedriftsundersøking på Sør- og Vestlandet i går.

Statsminister Erna Solberg, som også var på plass, sa følgjande:

– Det er heilt openbart at skiftet har skjedd. Det er sterk vekst, nye jobbar og gode utsikter for framtida.

I intervju med Dagbladet gjekk ho endå lenger, og avblåste heile oljekrisa.

– Me treng fleire funn

Men når Statoil i dag inviterte leverandørbedriftene til samling var ikkje halleluja-stemminga like stor.

– Eg trur ikkje me kan avblåsa ei krise. Me har litt høgare oljepris og me har jobba mykje med forenkling og forbetring, men i det lengre perspektiv så treng me fleire funn, seier Margareth Øvrum, som er konserndirektør for teknologi, prosjekterer og boring i Statoil.

I innleiinga ho heldt på seminaret beklaga ho seg over at ho verken kan diktera oljeprisen eller politikarane, som på mange måtar er avgjerande for korleis framtida til den norske oljeindustrien skal sjå ut.

Kutta kostnader med 50 prosent

Ein av dei som tillèt seg å seia at krisa er forbi er Gaute Jørpeland som er sjef i bedrifta K. Lund offshore.

– Me har dessverre sagt opp mange personar og hatt fleire tøffe år. Nå har me kome i pluss, og er klar for nye tak. Me gjer ting på ein heilt annan måte enn det me har gjort tidlegare, og me har i enkelte prosjekt hatt ein prisreduksjon på heile 50 prosent ut til Statoil som kunde, seier Jørpeland til NRK. Han har i dag 40 tilsette i bedrifta si.

Gaute Jørpeland

Gaute Jørpeland si bedrift K. Lund offshore har kutta kostnadar på enkelte prosjekt med 50 prosent.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Margareth Øvrum er svært nøgd med jobben enkelte bedrifter har gjort, men hadde likevel ein viktig beskjed til leverandørindustrien i dag.

– Det er viktig at me ikkje fell tilbake til gamle vanar, me må jobbe like effektivt framover og det er framleis litt å gå på, sa ho.

Ho hadde også eit tips til den norske leverandørindustrien om kva ho trur kan gi dei eit stort konkurransefortrinn framover.

– Eg har stoppa store prosjekt i Statoil på grunn av at eg ikkje har vore nøgd med jobben som har blitt gjort med å redusera CO₂-fotavtrykket, det er noko som er viktig at me jobbar meir med framover, og noko som kan bli eit stort konkurransefortrinn for oss.

– Potensial for langsiktig produksjon

Tore Guldbrandsøy

Tore Guldbrandsøy, oljeanalytiker Rystad Energy.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Analytikar i Rystad Energy, Tore Guldbrandsøy, seier at det er positivt for industrien at kostnaden har gått veldig ned, og at ein får skapt ny aktivitet. Han ramsar opp ein del funn som vil vera svært viktige framover. Desse er:

  • Johan Castberg

  • Wisting-funnet

  • Gotha og Alta-funna

Om det blir nye oppgangstider i oljeindustrien i Noreg meiner han er avhengig av kva oljeselskapa gjer framover, som igjen er avhengig av kva politikarane gjer og kva oljeprisane seier.

– Det er potensial for langsiktig og høg produksjon i Noreg, men det krev at du gjer nye funn, bygg ut nye funn og at du held fram med å insistera i felta du allereie har i produksjon, seier han.