Hopp til innhold

– Oljenedgangen er bak oss

Sjeføkonom i Sparebank 1 SR-Bank, Kyrre M. Knudsen, trur oljenedgangen er eit tilbakelagt kapittel. Ei ny stor undersøking syner at det er stor optimisme hos bedrifter på Sør-Vestlandet.

Plattform i soloppgang

ENDRING: For første gong sidan 2014, året då oljeprisen byrja med å falle, er dei oljerelaterte bedriftene i undersøkinga meir positive enn bedriftene som ikkje er oljerelaterte.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kyrre M. Knudsen

Sjeføkonom i Sparebank 1 SR-Bank, Kyrre M. Knudsen, erklærer oljenedgangen for ferdig.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

60 prosent av bedriftene ventar oppgang og fleire tilsette det komande året, mens 40 prosent ventar nedgang, viser det ferske konjunkturbarometeret til Sparebank 1 SR-Bank.

600 bedrifter frå Sør-Vestlandet er med i undersøkinga.

– Oljenedgangen er bak oss. Bedriftene med høg oljeeksponering har hatt veldig krevjande tider, men nå er det teikn til at botnen er nådd. Situasjonen har gått frå fallande i april til stabil i august, og utsiktene for det komande året har betra seg markert, skriv Kyrre M. Knudsen, sjeføkonom i Sparebank 1 SR-Bank, i ei pressemelding.

I grafen under kjem det tydeleg fram at bedriftene som er avhengige av oljepengar ser lysare på framtida nå enn for tre år sidan.

Statsministeren opplever optimisme

– Me merker nå at optimismen også er i ferd med å materialisera seg i form av ordrar og i lønsemd. Det er også ein gryande tendens for å tilsetja folk igjen, seier Svein Olav Simonsen, som er direktør i NHO Rogaland.

Tidlegare denne veka kom det også tal frå NAV i oljefylket som synte at arbeidsløysa var på veg ned. At fleire i barometeret seier at dei trur dei kjem til å tilsetja folk er ifølgje Simonsen svært viktig for regionen.

Statsminister Erna Solberg var på plass i konserthuset i Stavanger då konjunkturbarometeret blei lagt fram. NRK snakka med henne på veg inn.

– Eg kjenner på meg at det vil koma relativt gode nyheiter i dag, for slik opplever eg stemninga her nå, sa ho.

Etter presentasjonen hadde ho grunn til å smila.

– Det er heilt openbart at skiftet har skjedd. Det er sterk vekst, nye jobbar og gode utsikter for framtida. Men me skal ta med at dette ikkje gjeld alle bedrifter, alle har ikkje kome gjennom omstillinga. Men som region er evna til omstilling og optimismen tilbake, sa Solberg.

Erna Solberg i Stavanger

Erna Solberg saman med Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø og administrerande direktør i Sparebank 1 SR-Bank Arne Austreid.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

Likevel viktig med omstilling

NHO-direktøren har likevel ein viktig beskjed til dei oljerelaterte bedriftene.

– Det viktigaste for næringslivet er at me ikkje trur det er over. Me må halda fram med omstilling. For me kan ikkje nok ein gong gjera oss heilt avhengige av olja i Noreg, seier Simonsen.

Noko statsministeren er samd i.

– Me veit at olje- og gassnæringa kjem til å både ha opp- og nedturar i framtida, og at det skjer ei gradvis nedbygging av oljeindustrien dersom me ikkje finn meir olje, seier Erna Solberg.