Hopp til innhold

Norsk vikingskip skaper overskrifter i USA

Vikingskipet «Draken Harald Hårfagre» møtte uventa problem i møte med amerikanske styresmakter. Nå har organisasjonen «Sons of Norway» samla inn ein halv million kroner for å få skipet til Chicago.

Draken Harald Hårfagre på seiltur i hardt vær

HARDT VÊR: «Draken» i hardt vêr. Den mest alvorlege hindringa for det rekonstruerte vikingskipet har likevel vore dei amerikanske styresmakter sine losreglar.

Foto: Peder Jacobsson

Etter at mannskapet om bord på «Draken Harald Hårfagre» (sjå faktaboks) sette ut frå Vibrandsøy i april i år har dei kryssa store sjøar og kome seg gjennom hardt vêr.

Første gong dei skulle få skikkelege problem, var likevel då dei støtte på amerikanske

Arild Nilsen

Arild Nilsen er mannskap ombord på vikingskipet.

styresmakter under «Tall Ships Challenge» i Dei store sjøane. Styresmaktene krev skyhøge losutgifter for det ikkje-kommersielle fartøyet dersom dei skal segla i amerikanske farvatn.

– Dette er dei same krava som blir stilde til kommersielle cargo-skip, så me synst jo det blir litt urettferdig, fortel Arild Nilsen, som er eitt av mannskapa om bord.

Amerikansk hjelp

Då mannskapet vurderte å bryta på grunn av dei høge utgiftene kom «Sons of Norway» på banen, den største foreininga for norskamerikanarar, med ei medlemsmasse på 55.000 personar.

– Me har eit sterkt ønske om at dette flotte vikingskipet kan halda fram ferda si i USA. Derfor har me starta opp ei pengeinnsamling på nett, seier sjef for Sons of Norway, Eivind Heiberg, som understrekar at dei ikkje involverer seg i diskusjonen om losutgiftene er riktige eller ikkje.

Reiseruta til Draken

I kvar hamn det norske skipet legg til skaper det stor oppsikt, og fleire amerikanske aviser føl den usikre ferda.

På ei lita veke har «Sons of Norway» samla inn ein halv million kroner på nett, noko som er nok til at dei kan segla til Chicago for å spreia kunnskap om norske vikingtradisjonar.

– Det er ei enorm interesse for vikingskipet og me meiner det dei driv på med er svært viktig. Me håper å få inn nok pengar til at dei også kan reisa til Green Bay og Duluth, seier Heiberg, som håper at også rike onklar i Norge kan kasta seg på.

Laster Twitter-innhold

Også den norske ambassaden i USA oppmodar folk om å støtta «Draken».

– Fantastisk mottaking

Arild Nilsen, som er mannskap på båten, er overvelda over mottakinga.

– Me har fått ei fantastisk mottaking. Folk står og vinkar til oss overalt der me seglar, og pengegåvene og støtta er jo heilt utrulege, seier Nilsen.

Det er likevel eit lite skår i gleda, og det er at dei må gå på maskin for å halda losutgiftene så låge som mogleg.

– Det blir litt feil sidan dette er ein seglskip, men det er jo mykje betre enn å bryta, seier han.

Draken har startet seilasen vestover

26. APRIL: «Draken» starta si lange ferd vestover mot Amerika i Leiv Eiriksson sine fotspor.