Hopp til innhold

Skjær i sjøen for «Draken» – må bryta seglas

Amerikanske styresmakter krev fleire millionar kroner i losutgifter frå det norske vikingskipet «Draken Harald Hårfagre», dersom dei skal segla på Dei store sjøar.

Draken Harald Hårfagre

LOSPROBLEM: Det norske vikingskipet blei invitert med på seglasen Tall Ships Challenge Great Lakes 2016, men fekk seg ei stor overrasking då det viste seg at det vil kosta om lag 3,5 millionar kroner for los i Dei store sjøar mellom USA og Canada.

Foto: Peder Jacobsson

Det var i april verdas største vikingskip, som blei bygd på Karmøy, sette ut frå Vibrandsøy for å kryssa Atlanterhavet i fotspora til Leiv Eiriksson. Dei har kome fram til Amerika, men i ei pressemelding skriv mannskapet om den fortvila situasjonen dei nå har kome i.

Dei store sjøar

Skyhøge losprisar

Dei blei invitert med på seglasen Tall Ships Challenge Great Lakes 2016, men så viser det seg at dette inneber at dei må ha los om bord på skipet, og at dette vil kosta 400 amerikanske dollar i timen.

Gjennom heile seglasen vil summen koma opp i om lag 3.5 millionar kroner med dagens kurs. Dette er ifølgje mannskapet vanlege kommersielle losprisar.

– Dette er ein urimeleg pris for eit ikkje-kommersielt skip som har til intensjon å spreia kunnskap om Vikingane sine sjøferdigheiter, skriv mellom anna Sigurd Aase frå Haugesund i pressemeldinga. Det er han som eig båten.

Dermed må «Draken» bryta seglasen, og mest truleg reisa vekk frå Dei store sjøar.

Draken har startet seilasen vestover

26. APRIL: Draken starta si lange ferd vestover mot Amerika i Leiv Eiriksson sine fotspor.