Nesten 9300 personar i Rogaland er arbeidsledige. Og samanlikna med august i fjor, har arbeidsløysa gått opp med 65 prosent – eller 3600 personar.
Oljeprisfall og nedskjeringar i oljebransjen er hovudgrunnen til den dystre statistikken.
Med dette bakteppet møtte Erna Solberg oljenæringa, gjennom representantar frå arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane, på Sola Strand hotell laurdag ettermiddag.
Tidlegare på dagen hadde ho drive valkamp i Sandnes og Stavanger, og der lova ho nye jobbar for dei oljeledige.
Møtet laurdag ettermiddag var lukka slik at deltakarane skulle få snakka så fritt som råd. Etter møtet sa Solberg dette til NRK:
– Dette var eit godt og interessant møte. Det understreka også alvoret i situasjonen som er i Rogaland. Møtet hadde også stort fokus på moglegheitene me ser framover.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ser på tiltak
Solberg sa at ho først om fremst var på plass for å lytta til oljenæringa for å få med innspela i sluttføringa av statsbudsjettet.
– Me ser på dei spissa tiltaka som skal bidra til at me held aktiviteten oppe og skapar nye arbeidsplassar. Me må også ha fokus på at dei som blir arbeidsledige raskt kjem seg over i anna arbeid.
Solberg understrekar at det er for mykje tilbod av olje og gass og energi generelt sett på verdsmarknaden, og at den alvorleg situasjonen i norsk oljenæring ikkje er kortvarig
– Dette var eit lukka møte. Kvifor?
– Først og fremst for at folk skulle føla dei kunne ha ein open dialog med statsministeren og sei det dei meinte. Av og til er oss politikarar avhengige av direkte og ærlege tilbakemeldingar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Står samla
Administrerande direktør Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Norsk olje og gass var godt fornøgd med møtet.
– Eg oppfatta at statsministeren først og fremst var her for å lytta og at ho tar med seg signala vidare. Det er viktig for oss at styresmaktene ser at oljenæringa kjem til å vera Norges dominerande næring i lang tid framover, og at ein legg til rette slik at unge menneske vågar å satsa på ei framtid i bransjen.
– Opplever du at arbeidsgivar- og arbeidstakarsida i norsk oljeindustri står saman for å møta utfordringane?
– Eg trur alle er einige om at me ikkje kunne halda fram med det kostnadsnivået me hadde. I tillegg er alle opptatt av at dei som mistar jobbane kjem over i anna arbeid så fort som råd er.