Hopp til innhold

Joner debuterte i bystyresalen

Måndag bytta Kristoffer Joner ut filmlerret med bystyresal, då det nye bystyret i Stavanger hadde sitt første møte.

Kristoffer Joner, Gunnar Berge og Øyvind Jacobsen

TO NYE OG EIN VETERAN: Kristoffer Joner (t.v.) og Øyvind Jacobsen er nye i Stavanger bystyre. I midten står veteranen Gunnar Berge.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Skodespelaren, som i det siste har vore med i «Bølgen» og «Doktor Proktor», hadde sin første dag i bystyresalen i Stavanger i dag, då det nye bystyret offisielt vart konstituert. Med ekstra kryss og slengarar i årets lokalval sikra Kristoffer Joner seg nemleg ein plass i bystyret i Stavanger for Arbeidarpartiet.

På glattisen

– Viss eg er elendig til dette her så får eg berre trekka meg og seia unnskyld. Eg skal prøva, i alle fall, seier Joner, før det brakar laust.

Det første møtet er berre for å godkjenna det nye bystyret og velja dei ulike utvala, før representantane tek seg ein liten fest for å feira den nye perioden.

Kristoffer Joner i bystyresalen i Stavanger

FRÅ LERRET TIL BYSTYRESAL: Kristoffer Joner ser utover bystyresalen i Stavanger.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Eg er litt på glattisen, men eg håpar eg skal læra fort og så får me sjå kva som skjer. Eg har mine meiningar og får sjå om eg klarer å påverka det som skjer, seier Joner. Sakene han engasjerer seg mest i er rusproblematikk og ruspolitikk, skule, kultur og fengselsproblematikk og -politikk.

– Blir du å finna på talarstolen?

– Me får sjå, men eg får nesten håpa det. Om eg har noko på hjartet, så håpar eg at eg har «guts» nok til å gå opp og seia ifrå om det. Det er noko me må læra oss. Men først må me bli kjende med nye folk og prøva å slappa litt av slik at ting ikkje blir stivt og rart.

– Meir folkelege

Ein annan som vart fekk bystyreplass for Ap, etter mange kryss og slengarar, er Øyvind Jacobsen.

– Eg håpar at både Kristoffer og eg kan tilføra litt anna enn det ein normalt sett forbind med politikarar, at me kanskje er litt meir folkelege og litt mindre straumlinjeforma slik mange politikarar er, sjølv om me har dress og slips i dag, seier Jacobsen.