På nærbutikken i Tomrefjord har dei tilsette god tid til å få orden i butikkhyllene. Handelen i bygda som ligg i Vestnes kommune, går langt treigare enn vanleg.
Seks hundre leigearbeidarar har forsvunne over natta, og aktiviteten på skipsverftet er på eit minimumsnivå.
– Eg syntest det er veldig trist. Verfta er ein stor arbeidsplass her i Vestnes så når aktiviteten gjeng ned så påverkar det heile kommunen, seier Margot Gjerde.
- Les også:
Manglar nye kontraktar
Måndag falt oljeprisen til nye rekordlåge nivå. Prisen på eitt fat av den amerikanske lettoljen er no 38,24 dollar. Så låg har ikkje prisen vore sidan finanskrisen i 2009. Prisen på Nordsjøoljen enda på 42,69 dollar, som også er det lågaste talet sidan 2009.
I Vestnes har permitteringar og oppseiingar tidlegare vore framandord. Men krisa i oljeindustrien har gjort at skipsbyggingskonsernet Vard no har permittert 180 tilsette.
Det går mot ein vanskeleg haust, og det kan bli langvarig trur Rune André Tomren, arbeidsformann i Vard Langsten.
– Det blir truleg ein nedgang også i dei komande åra. Vi er avhengige av å skrive fleire kontraktar dersom vi skal ha arbeid i tida som kjem, seier Tomren.
- Les også:
Må seie opp tilsette
Det er lett å sjå at det er lite å jobbe med i Tomrefjorden. Tidlegare var det vanleg at det låg fleire store skip ved lokala til Vard Langsten. Situasjonen er alvorleg, meiner Dag Vikestrand, verftsdirektør i Vard Langsten.
– Vi har ein del tilsette som no er permitterte, og det er ikkje lenge før vi må ta stilling til om vi kan behalde dei eller om vi må seie dei opp, seier Vikestrand.
– Det hadde vore betre dersom permitteringsordninga hadde eit lengre vindauge slik at vi slapp å seie opp tilsette, held han fram.
Men dei er ikkje aleine. Den økonomiske situasjonen i den maritime bransjen har vore krevjande den siste tida. Over 54 norske offshoreskip ligg no i opplag, og fleire reiarlag har måtte permittere tilsette.
- Les også:
Store ringverknader
Først i oktober kjem eit dykkarfartøy som skal utrustast. Langsten-leiinga seier at hjørnesteinsbedrifta betyr langt meir enn det mange tenkjer på til dagleg.
– Vi har om lag 200 tilsette, men dersom ein inkluderer butikkar, underleverandørar og liknande, så påverkar det totalt 1200 tilsette rundt omkring i landet, seier Vikestrand.
- Les også: