Hopp til innhold

Utdanning til praktiske yrke garanterer jobb, men Sofia (18) og Sarah (18) satsar truleg teoretisk

Langt over halvparten av NHO sine medlemsbedrifter manglar folk med yrkesfagleg utdanning. – Du er nærast sikra jobb med ei slik utdanning, seier NHO-sjefen.

Sofia Gjesdal Stefanidou (18) og Sarah Wiksnes (18) ved Hetland VGS

Sofia Gjesdal Stefanidou (18, til venstre) og Sarah Wiksnes (18) er blant dei som no skal ta eit val for framtida.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

– Eg kunne eigentleg valt yrkesfag. Eg kjenner det er mykje lettare. Då har du på ein måte bestemt kva område du vil jobbe innanfor.

Sarah Wiksnes er tredjeklasseelev ved Hetland vidaregåande skule i Stavanger.

Sjølv om ho kunne valt ei høgare yrkesfagleg utdanning, har ho allereie – som dei fleste andre – søkt på eit teoretisk studie.

– Viss eg vel ei meir teoretisk utdanning, har eg fleire val og moglegheiter, og eg er ikkje låst til ei stilling, seier 18-åringen.

Eit stort behov

Det er stor etterspurnad etter arbeidskraft innanfor dei praktiske yrka om dagen. Det gjeld spesielt:

  • Handverksfag
  • Ingeniørfag
  • Tekniske fag

NHO sitt kompetansebarometer (ekstern lenkje) for 2022 viser at halvparten av medlemsbedriftene deira i stor eller nokon grad har behov for kompetanse innan handverksfag.

For ingeniør og tekniske fag oppgir 45 prosent av bedriftene at dei har eit kompetansebehov.

– Vil bremse det grøne skiftet

Det trengst mellom anna 40.000 IKT-ekspertar og 100.000 innanfor grøn energi innan 2030.

Det er berre sju år til.

Og konsekvensane kan bli store dersom ønsket om større arbeidskraft ikkje blir innfridd.

– Viss vi ikkje klarer å få tak i den kompetansen, vil det bremse det grøne skiftet, seier konsernsjef i Lyse AS, Eimund Nygaard.

Eimund Nygaard

Eimund Nygaard er konsernsjef i Lyse AS. Lyse er eit stort norsk konsern med verksemd innanfor energi, telekommunikasjon og straumnett.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

I konsernet jobbar det folk med eit breitt spekter av kvalifikasjonar.

– Vi ønsker folk med praktisk utdanning. Dette er mangelvare i Noreg i dag, og vi skal gjennom det grøne skiftet. Vi skal elektrifisere oss, seier han.

Les også Startet Norges første utdanning for yrkesgruppa landa sårt treng

Klipping av snor på batterifagskole

Hard konkurranse

Når det er få som har kompetansen bedriftene treng, blir det stor og hard konkurranse.

Spesielt i oljebyen Stavanger.

– Her ligg hovudkontoret for mange av dei store oljeselskapa. I ei tid der dei også treng mykje folk, så er det hard konkurranse, seier Nygaard.

Han meiner vidare at Lyse sitt fortrinn er at dei driv i ein spennande og fornybar bransje.

– Mange unge i dag er verdidrivne og ønskjer seg meir til den delen av verksemda enn kanskje olje og gass.

Auke i yrkesfag-studentar

Men det er ikkje slik at det er færre som søkjer høgare yrkesfagleg utdanning enn før.

Snarare tvert imot.

Les også Elever risikerer å ikke få plass på yrkesfag

Elever på yrkesfag Kvadraturen videregående

Likevel skulle talet vore mykje, mykje høgare. Til samanlikning var det i 2021 nesten 320.000 studentar på universitet og høgskular, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Sikra ein jobb

NHO-sjef Ole Erik Almlid seier at to av tre av medlemsbedriftene deira har mangel på folk med yrkesfagleg utdanning.

– Dette er synd for bedriftene, men det gir enorme moglegheiter til dei som har lyst på jobb, seier Almlid.

Ole Erik Almlid

NHO-sjef Ole Erik Almlid. Han seier at to av tre av medlemsbedriftene deira har mangel på folk med yrkesfagleg utdanning.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Han seier du nærast er sikra jobb innanfor desse retningane.

Eg meiner at unge menneske skal velje ut frå det dei har lyst til. Men vi skal fortelje om moglegheitene innanfor tekniske fag, seier Almlid.

– Uinteressant

Medan VG3-elev Sarah Wiksnes kunne ha valt yrkesfag, er klassevenninne Sofia Gjesdal Stefanidou tydeleg:

– Eg kunne ikkje ha søkt ei høgare yrkesfagleg utdanning. Eg har lyst til å ha ein meir teoretisk jobb, seier ho.

Stefanidou ser likevel at det kan vere ein fordel når det er lett å få seg jobb.

Men:

Det er ikkje heilt det eg interesserer meg for, seier ho.

Les også Vil mangle 100.000 fagarbeidere om få år

Siri Svendsen Lofthus, K-Tech,