Hopp til innhold

Skyhøge straumprisar gir vedbonanza: Han kunne selt ti gonger så mykje ved

Stive straumprisar i Sør-Noreg har gjort at vedprisane har dobla seg frå i fjor. Vedprodusentar er også fullbooka til neste vinter og opplever frekke ved-tjuveri.

Jøran Oseland lenar seg på ein palle ved. Han har på blå arbeidsbukse og t-skjorte og har bustete hår. Fremst i biletet, ute av fokus, ser vi store pallar med ved. Både veden og Oseland står under eit grantre.

Jøran Oseland slår fast at utetørk gir best ved. I desse dagar renn bestillingane inn for dei som har meir ved å selja.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Kvar einaste dag er det folk som ringer og spør etter ved, seier Jøran Oseland.

Han er teknisk ansvarleg i Arboretet i Sandnes. Der har dei produsert 100 pallar med ved. Men alt i april var den lova vekk.

– Eg trur nesten me kunne selt tusen pallar, seier vedprodusenten.

Vedbestillingar for vinteren 2023-24 har også tikka inn. Rekordhøge straumprisar og spådommar om ytterlegare dobling til vinteren er bakteppet.

– Mange som ikkje fekk ved i vinter spurte om å få stå på liste til neste år. Nå har om lag 50 personar sagt dei vil ha og me må drøya og sjå kva me klarer å produsera.

Ved

Vedprodusent Ole Aanestad har opplevd at ved er stole frå traktorhengaren.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Vedsekkar stolne

Vedprodusent Ole Aanestad (21) i Sandnes opplever også at bestillingane renn inn. Han var utselt for ved i februar. Til neste år satsar han på å dobla produksjonen.

– Det er veldig gode tider, helst for mykje av det gode.

21-åringen har til og med opplevd at vedsekker er stolne frå traktorhengaren.

– Det har gjort at eg må ha med meg folk som kan passa veden mens eg er vekke.

Ein som var tidleg nok ute til å få vinterens ved i hus er Per Ellingsæter frå Sandnes.

– Prisane på straum blir heilt feil, men me får fyra med ved.

– Kor mykje ved kjem det til å gå?

– Halvannan famn, reknar eg med (tre pallar, journ. merk.)

Per Ellingsæter står i kortbukse, t-skjorte, solbrillar og arbeidshanskar. Han stroppar fast ein palle med ved bakpå hengaren sin. Bilen står på ein grusparkeringsplass i skogen.

Per Ellingsæter frå Sandnes har sikra seg ved til vinteren. Ikkje alle er like heldige som han.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Varehus tidobla vedsalet

I takt med etterspurnaden stig prisen på ved. Mange må betala dobbelt så mykje som dei gjorde i fjor.

Coop sel millionar av vedsekker og har skrudd opp prisen med over 100 prosent. Likevel strøymer kundane til.

Obs Bygg i Sandnes har åleine selt 5000 vedsekker i august, lenge før rogalendingane for alvor har begynt å fyra i peisen. Det er ei tidobling samanlikna med august i fjor.

– Det er heilt ekstremt. Me har aldri opplevd at vedsesongen har starta så tidleg før. Varehusa våre hadde ein bonanza på sal av ved alt i starten av august, seier regiondirektør i Coop Noreg, Dag Ove Aksland.

Dag Ove Aksland står med kvitskjorte og blazer framom ein haug med vedsekkar i eit varehus. Han står med ei hand på ein sekk og ser nøgd ut, smilar til kamera. Bak ser vi fleire titals sekkar stabla høgt.

Ved går som varmt kveitebrød i Rogaland. Det gler regiondirektør i Coop Noreg, Dag Ove Aksland.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Ikkje få panikk

Han fortel at det er stor konkurranse om veden, men ber likevel folk om å ikkje få panikk.

– Me gjer bestillingane våre tidleg på året og har lagt opp til at me skal ha ein god tilgang på ved gjennom heile vintersesongen i år.

Regiondirektøren kan likevel ikkje utelukka mindre periodar der dei står utan ved.

Det er heller ikkje slik at varehuset gnir seg i hendene, trass høge vedprisar i butikkane.

– Ved har aldri vore nokon god butikk for oss, og det er det heller ikkje nå, seier Aksland kontant.

Flere nyheter fra Rogaland