Hopp til innhold

– Sør-Noreg kan få straumprisar på over 20 kroner i vinter

Prisrekorden på 10 kroner denne veka kan bli meir enn dobla til vinteren, ifølge sjefanalytikar. Nye utrekningar viser at utanlandskablane bidrar til 25 prosent av dagens høge straumprisar.

Ot9-pWxALE4

NORDLINK: Utan utanlandskabelen mellom Noreg og Tyskland (foto frå bygginga) og kabelen Noreg-England hadde Sør-Noreg no hatt 25 prosent lågare straumpris, ifølge Volue Insight.

Foto: Carsten Rehder / DPA

20 kroner per kilowatt-time er ikkje ein utenkeleg straumpris i Sør-Noreg dei neste månadane, ifølge sjefanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight.

– Det er prisbiletet vi no ser i Frankrike, som har Europas dyraste straum.

Han seier det er kort veg til at Sør-Noreg får like høge toppar på straumprisen. For Frankrike utvekslar straum med Tyskland, Nederland og England, som jo utvekslar straum med Noreg.

Dersom vi må spare vatn i norske kraftmagasin og det blir endå meir kritisk, kan desse prisane smitte inn i Sør-Noreg, når vi allereie har sett dei i Frankrike.

Tor Reier Lilleholt, Volue Insight

– Så prisen i Noreg kan passere 20 kroner per kilowattime?

– Ja, men dette er eit ganske ekstremt scenario. Men eg har slutta å tru på at det finst eit tak på straumprisen. For ein månad sidan var 5–6 kroner ganske dryge prisar, og ti kroner var liksom utenkeleg. Men no har ein flytta dette taket ganske høgt.

Tor Reier Lilleholt, analysesjef i Volue Insight. i mørk blå skjorte ute.

Sjefanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Meiner kablane gir meir prisauke

Den siste tida har det vore ein intens offentleg debatt om i kva grad alle utanlandskablane ut av Noreg er årsak til dei skyhøge straumprisane. Statnett har meint at kablane berre gir nokre få øre dyrare straum i Noreg, eller berre rundt 10 prosent prisauke.

Det same meinte dei då dei to nyaste to utanlandskablane vart vedtatt i Stortinget.

Men Volue har no laga ein fersk berekning som tyder på at dagens straumprisar i Sør-Noreg hadde vore ein firedel lågare om dei to kablane ikkje var bygde.

– Det har vore mykje spørsmål og synsing i marknaden og media, så vi har laga ei full modellering av kva som ville skjedd om ein «kutta» dei nye kablane til England og Tyskland.

Statnett - utenlandskabler

Nokre av straumkablane mellom Noreg og utlandet går på havbotnen til Danmark, Tyskland, Nederland og England.

Foto: Statnett

Analysen konkluderer at kablane har ganske stor effekt.

– Utan desse to kablane ville straumprisen blitt redusert med 25 prosent, seier Lilleholt.

Poenget hans er at dei tidlegare anslaga frå Statnett er utdaterte, fordi dei sjølvsagt ikkje tok høgde for effekten av krigen i Ukraina og at Europa må klare seg utan russisk gass.

– Det er ein del føresetnadar som er endra det siste året.

Kablane betyr ikkje alt, slik mange hevdar, men kablane betyr noko, særleg no med krig i Europa og lite vatn i vasskraftmagasina.

Tor Reier Lilleholt, Volue Insight

– Når vi må stoppe eksporten, må vi importere desse høge prisane. Derfor betyr kablane meir for straumprisane no enn vanleg.

Statnett: – Vanskeleg å vere skråsikker

Statnett skriv til NRK at hovudkonklusjonen deira frå 2021 er at Noreg hadde hatt svært høge straumprisar også utan dei to nye kablane.

– Det er nok framleis tilfelle. Samtidig varsla vi også då at verknaden kunne bli høgare i enkelte scenario framover, ifølge selskapet.

Statnett vedgår likevel at anslaga deira bomma allereie før Russland invaderte Ukraina.

Allereie i fjor sto dei nye kablane for ein større verknad på prisane enn det den opphavlege modellen stod for.

NordLink, en undersjøisk strømkabel, legges i Vollesfjorden

NordLink-kabelen vart lagt ut i Vollesfjorden i Flekkefjord i 2018.

Foto: Statnett/Woldcam

Analysen til Volue kommenterer Statnett slik:

Vi kan verken stadfeste eller avkrefte funna i Volues simulering, men det er grunn til å anta at verknaden av kablane er høgare no enn i 2021. Akkurat no er vi nok utanfor dei fleste analytiske modellar, og det er vanskeleg å vere skråsikker på noko.