Hopp til innhold

Arkitekten er svak for Ullandhaug

Arkitekten bak skissene til det nye sjukehuset i Sør-Rogaland er svak for Ullandhaug-alternativet. No har kommunar, fylke og næringsliv ein månad på seg til å seia si endelege meining om kvar sjukehuset bør plasserast.

I likhet med flere andre, er arkitekten bak skissene til det nye sykehuset i regionen svak for Ullandhaug-alternativet. Nå har kommuner, fylke og næringslivet en måned på seg til å si sin endelige mening om hvor sykehuset bør plasseres.

SJÅ REPORTASJEN: Dette er alternativet arkitekten er svak for: Ullandhaug.

Det nye sjukehuset i Rogaland skal anten byggast på Våland, på Ullandhaug nedanfor Universitetet i Stavanger eller på Stokka i Sandnes.

– Utviklingspotensialet på Ullandhaug er stort

Johannes Eggen

ARKITEKT: Johannes Eggen i Nordic COWI.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Arkitekten bak dei tre skissene var i dag på høyringsmøte for det nye sjukehuset, og avslørte at det er eitt alternativ han er litt svak for.

– Utviklingspotensialet på Ullandhaug er spesielt stort, men det er berre sett frå ein fagleg ståstad som arkitekt, ikkje regionale omsyn og utvikling av sjukehuset, seier Johannes Eggen, arkitekt i Nordic COWI.

– Ullandhaug er nærme universitetet. Eit alternativ med sjukehus, universitet og næringsutvikling knytt saman og ikkje langt frå Forus, det vil gjera det kompetansemiljøet Stavanger er kjent for sterkare, seier han.

– Ein del arbeid att

Frå før er det også kjent at universitetet og næringslivet i regionen er tilhengarar av Ullandhaug-alternativet.

Fristen for å seia si meining om kvar det skal byggast, går ut om ein månad. Difor ville sjukehusdirektøren i dag gi meir informasjon om prosjektet til kommunar, fylke og næringsliv. Men sjukehusdirektøren vil ikkje flagga ein favoritt endå.

– Eg kjem ikkje til å seia noko om kva eg likar best på noverande tidspunkt. Det er framleis ein del arbeids att før me kan ta det endelege valet og gi våre anbefalingar til styret, seier Cathrine Bryne, administrerande direktør ved Stavanger universitetssjukehus.

Cathrine Bryne

AVSLØRER INGENTING: Cathrine Bryne, administrerande direktør SUS.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK