– Det er lærerikt, men også smertefullt. Å gjere seg til gjenstand for ei grundig undersøking der alle store og små avgjerder, vegval og vurderingar ein har gjort, blir tatt opp på ny og gjennomgått, seier direktør Ingrid Nordbø i Ivar.
Klokka 09.27 fredag 22. juli fanga ein detektor i papirmottakshallen opp varmeutvikling. Få minutt etter var det brann i søppelsorteringsanlegget til Ivar på Forus mellom Sandnes og Stavanger.
Eit døgn etterpå, laurdag, var brannen framleis ikkje heilt sløkt.
Anlegget ser framleis ut som ei branntomt, ti månader etter brannen sommaren 2022.
Foto: Thomas Ystrøm / NRK– Det har vore viktig for meg å seie til andre i Ivar at det ikkje er ei enkel årsak eller nokon sitt enkeltansvar, det er fleire faktorar som har spilt inn. Det er et systemansvar, og det er mitt ansvar, seier Nordbø.
Ingrid Nordbø, direktør i Ivar, seier målet er gjenoppbygging av anlegget.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKAnlegget til 650 millionar kroner blei totalskadd.
Det er Ivar som har bede forskingsinstituttet Sintef gjere undersøkinga, som har blitt til ein stor rapport. NRK har lese Sintef sitt samandrag av rapporten. Rapporten er laga mellom november 2022 og april 2023.
– Det har gitt oss ei djupare innsikt i hendinga og til forholda som kunne ha påverka hendinga, seier Nordbø.
Brannen oppstod i ein papirhaug på golvet i mottakshallen for papiravfall. Så spreidde den seg til sorteringshallen ved sida, truleg gjennom ein opning for eit transportband i veggen.
– Det var svikt i branntryggleiken på fleire nivå. Det gjeld både den fysiske designen av anlegget, men også at leiinga ikkje hadde gode nok system for å vareta branntryggleiken da anlegget var i drift, seier Pål Brennhovd i Sintef.
Pål Brennhovd i Sintef.
Foto: Marte Skodje / NRKHan påpeiker at Ivar hadde ein del rutinar på plass på overordna nivå, men at rutinane i liten grad var kjent og praktisert i organisasjonen.
– Som følgje av det var dei ikkje godt nok budd på å handtere ein større brann. Risikostyringa bør bli betre slik at dei er betre rusta for større brannhendingar, seier Brennhovd.
Ikkje felles brannøving
I rapporten peiker Sintef på fleire ting som kunne ha hindra at brannen utvikla seg til ein så stor brann som det blei.
- Det var ikkje samsvar mellom brannsikringstiltak i høve til utforming og drift av anlegget.
- Ivar prioriterte drift på kostnad av omsyn til branntryggleik.
- Ivar var ikkje førebudd på å handtere ein større brann.
- Det hadde vore brannøvingar, men det var ikkje trent på om anlegg, branntryggleikstiltak og organisasjonen kunne handtere større brannar.
- Det hadde ikkje vore felles øving med brannvesenet. Heller ikkje med andre avfallsanlegg i området.
Eit av dei første bileta NRK tok av røyken frå brannen.
Foto: Kristoffer Apall / NRKDå brannvesenet var på plass, var det papirmottakshallen som fekk mest merksemd i starten. Brannvesenet hadde ikkje all informasjonen dei trengde for å forstå korleis brannen kunne utvikle seg i bygningen, ifølge Sintef.
Det hadde vore eit branntilsyn i 2020, men dette fanga ikkje opp alt dette.
Brannsjef Razmus Viggen meiner rapporten er nyansert, og seier det er bra at rapporten har fokus på forbetring.
– Det er viktig å få fram at alle vaktlag på hovedtasjonen var på synfaring for å bli kjent på anlegget. Vi tenkte det var viktig å begynne med det. Naturlegvis ville det vore aktuelt på sikt å øve med anlegget også, seier Viggen.
Mens den gjekk føre seg, kunne ein sjå brannen frå fly.
Foto: NRK– Vi har sløkt rundt 80 branntilløp i anlegget si driftstid utan at brannvesenet har vore involvert, men det gjorde at vi har forstått brannrisikoen til å vere mindre handterlege brannar og ikkje hatt fokus på scenarioet med storbrann, seier Nordbø.
Ho seier at det i etterpåklokskapen sitt lys er naturleg å spørje om kvifor Ivar ikkje har hatt øving med brannvesenet.
Batteri og eingongskamera
I november kom det fram at det truleg var batteri eller eingongskamera brannen starta i.
Alt blei plukka ut av restane etter storbrannen som starta i papirsorteringa. Avfallet som tok fyr, kom frå cirka fem renovasjonsbilar med papir same dag.
Til saman gir Sintef 19 anbefalingar til Ivar, fordelt på bygningstekniske tiltak, val av brannsikringstiltak, sikringsarbeid, risikostyring og brannberedskap og -øvingar.