Hopp til innhold

Vi kastar millionar av batteri i søpla kvart år. Dette kan skje når vi gjer det

Kvart år kastar innbyggjarane berre i Sør-Rogaland 3 millioner batteri i restavfallet. Så langt i år har usorterte batteri skapt minst 30 brannar i Noreg.

Brann i presse på IVARs ettersorteringsanlegg

Brann forårsaka av batteri i restavfallet i søppelsorteringsanlegget hos Ivar på Forus mellom Sandnes og Stavanger tidlegare i år. Ingen blei skada i brannen.

Foto: IVAR

– Det er batteri i omtrent alle produkt vi har i dag, alt frå tannkosten til elsykkelen. Batteri har mykje energi og kan ta fyr av forskjellige årsaker, seier innsatsleiar Trond Fosse i Rogaland brann og redning.

Saman med Renovasjonen IKS og gjenvinningsselskapet Ivar hadde brannvesenet onsdag ein såkalla plukkanalyse av tilfeldig søppel levert inn som restavfall på Forus mellom Sandnes og Stavanger.

På fem minutt fann dei opp mot 90 batteri. Det betyr at det går eit batteri gjennom sorteringsanlegget kvart fjerde sekund.

– Det er altfor mykje, seier Rudolf Meissner, fagansvarleg for renovasjon i Ivar.

– Magefølelsen min seier det blir fleire og fleire batteri i restavfallet. Folk brukar fleire ting med batteri, seier Meissner.

Ni søppelbilbrannar berre i Rogaland

På dette sorteringsanlegget har det så langt i år vore ti tilfelle av brann. På andre sorteringsanlegg i Noreg har det vore 20. Til saman 30 hittil i 2022.

Og det er berre i år. I mai i fjor var det ein stor brann i eit avfallsanlegg utanfor Tønsberg. Dei siste fem åra har det vore over 200 slike.

Sorteringsanlegget til Ivar

Nokre av batteria dei fann da dei skulle sjå etter i restavfallet.

Foto: Hanne Høyland / NRK

I mai sto sorteringsanlegget på Forus i nesten eitt døgn på grunn av brann forårsaka av batteri i ei søppelpresse.

– Dei brenn godt, seier Karl Riska, driftssjef på Forus.

I tillegg kjem brannar i søppelbilar.

Les også Politiet evakuerte beboere etter brann i søppelbil

Søppelbil i brann på Auglend.

Ifølgje Renovasjonen IKS har det vore tre eller fire branntilfelle i søppelbilar som følgje av batteri det siste halvanna året. Hos selskapet som hentar søppel i nabokommunane på Jæren, har det vore fem.

– Dette skaper utryggleik hos sjåførane, seier Tord Wilstrup Torgersen, direktør i Renovasjonen IKS.

Sorteringsanlegget til Ivar

Slik ser søpla di ut før den blir sortert på avfallsanlegget.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Teip over polane og lever dei inn

På toppen av dette kjem branntilløp eller brannar i søppelspann, -bøtter eller -dunkar heime hos folk.

Dette finst det ikkje tal på, men det er grunn til å tru at det er ein heil del.

Nå ber både renovasjonen, søppelmottakarane og brannvesenet om ein ting:

Innsatsleder Trond Fosse i Rogaland brann og redning

Trond Fosse i Rogaland brann og redning.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Ikkje.

Kast.

Batteri.

I restavfallet.

Ordningane er litt ulike, alt etter kor du bur. Men ein ting gjeld over heile landet:

– Ein bør teipe polane og oppbevare batteria heime til ein har tid til å ta dei med til ein gjenvinningsstasjon eller levere dei der de sel produkt med batteri. Dei skal ta imot, seier Fosse i brannvesenet.

Les også Ryde blir ikke kvitt farlige og ødelagte batterier: – Utfordring for hele bransjen

batteribrann på Spelhaugen i Fyllingsdalen, Ryde elsparkesykler

Flere nyheter fra Rogaland