Hopp til innhold

– Ferja er truleg tilbake i normaldrift på fredag

I kveld kjem det ny ferjekaibru til Hjelmeland. Målet til Vegvesenet er at ho skal vera i drift før helga.

MF «Hjelmeland»

MF «Hjelmeland» går nå i trafikk mellom Nesvik, Ombo og Tau etter ferjekaien på Hjelmeland fekk seg ein skade onsdag for ei veke sidan.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Onsdag for ei veke sidan krasja bilferja MF «Hjelmeland» inn i ferjekaibrua på Hjelmeland. Skadane på brua viste seg å bli så store at ferjestrekket på riksveg 13 har vore stengt sidan.

Opning før helga

– Den var såpass øydelagd at den ikkje kunne reparerast på staden. Ingen av ferjekaibruene me hadde på lager kunne setjast rett inn. Derfor måtte det ein del tilpassing til, seier senioringeniør i Statens vegvesen, Magne Langeteig.

I dag ser han likevel lys i tunnelen, og kan for første gong seia noko konkret om kva tid det blir opning.

– I kveld blir den nye ferjekaibrua frakta med lekter inn til Hjelmeland, og på torsdag held arbeidet med å tilpassa og installera ho fram. Dersom alt går etter planen kan MF «Hjelmeland» vera tilbake i normaldrift ein gong i løpet av fredagen, seier han.

Brotet i ferjesambandet har fått store konsekvensar for dei som bur i Ryfylke, og for dei som køyrer transport på riksveg 13. Det er sett inn ein hurtigbåt for passasjerar på ferjestrekket, i tillegg går bilferja nå mellom Tau, Ombo og Nesvik. Dette gjer at dei som eigentleg berre skal ein kort tur nord frå Hjelmeland eller sør frå Nesvik må køyra ein svært lang omkøyringsveg.

Hjelmeland - Nesvik er stengt

Bilferja på riksveg 13 kan ikkje legga til på Hjelmeland ferjekai.

Foto: Google maps