Hopp til innhold

Kommune innfører gratis barnehage – familie sparer 8000 kroner i månaden

I Hjelmeland kommune får alle småbarnsfamiliane ei skikkeleg førjulsgåve i år. Det blir nemleg gratis barnehage frå barnehageopptaket neste år.

Vidar Andre Kaltveit og Liz Kaltveit

Vidar Andre og Liz Kaltveit i Årdal i Hjelmeland sparer mange tusenlappar på at barnehagen blir gratis frå neste år i kommunen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det er heilt topp at barnehagen blir gratis, seier småbarnsforeldra Vidar Andre og Liz Kaltveit i Årdal i Hjelmeland.

I dag må familien ut med om lag 7400 kroner i månaden for at tre av dei fire ungane deira skal gå i barnehage.

I 2022 vile prislappen blitt over 8000 kroner med satsane rådmannen har lagt opp til.

Men i dag har kommunestyret i Hjelmeland i Ryfylke vedtatt å innføra gratis barnehage frå neste barnehageopptak i august.

– Det vil bety ein heil del. Det er trass alt mykje pengar som går ut kvar månad på barnehage i dag, seier Vidar Kaltveit.

Håpar på nye innbyggarar

Hjelmeland kommune har i dag drygt 2.500 innbyggarar og har som mange andre distriktskommunar negativ befolkningsutvikling.

Anita Husøy Riskedal

Fungerande ordførar i Hjelmeland, Anita Husøy Riskedal (Sp).

Det er dette kommunen vil snu med å fjerna foreldrebetalinga for barnehageplassar.

– Me får færre barn og unge og fleire eldre i kommunen. Det må me gjera noko med. Derfor har me funne ut at å fjerna gebyr på barnehage er tiltaket me trur er mest målretta mot småbarnsfamiliar, seier fungerande ordførar i Hjelmeland, Anita Husøy Riskedal (Sp).

– Målet er å få fleire småbarnsfamiliar til kommunen?

– Målet er både å stella godt med dei småbarnsfamiliane me har og gjera slik at andre får lyst til å flytta til Hjelmeland.

Årdal barnehage

Årdal barnehage er blant barnehagane i Hjelmeland. Målet er at gratis barnehage skal fylla opp barnehageplassane her.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Gode erfaringar i Finnmark

Det er fleire kommunar i landet som har eller har hatt planar om å innføra gratis barnehage.

Fedje kommune i Vestland innførte ordninga i fjor.

Nesseby kommune i Finnmark har foreldrebetaling i dag, men hadde gratis barnehage frå 2008–2016.

Hanne Iversen Noste

Varaordførar Hanne Iversen Noste (Ap) i Nesseby kommune.

Foto: Privat / NRK

– Me har veldig gode erfaringar. Det blei auka tilflytting til kommunen og barnetalet auka, seier varaordførar Hanne Iversen Noste (Ap).

– Likevel valde de å droppa gratis barnehage?

– Det handlar om økonomi og prioritering. Men det er eit tiltak me vurderer sterkt å innføra igjen. Me nådde måla me sette oss.

Utdanningsforbundet er skeptiske

4,2 millionar kroner i året kostar det Hjelmeland kommune å innføra gratis barnehage. Utdanningsforbundet er skeptisk. Dei fryktar mindre pengar til barnehagane.

– Frykta er at pengane som fell vekk ikkje blir erstatta. Det kan bety færre tilsette og ein dårlegare barnehage, seier leiar i Utdanningsforbundet i Hjelmeland, Rolf Olav Meland.

– Er det ikkje andre ting kommunen heller burde prioritert, fungerande ordførar Husøy Riskedal?

– Det er alltid mange ting ein burde prioritert. Men slik me ser det har me ikkje råd til å la vera.

Varaordføraren, som nå er fungerande ordførar, meiner alle barnehagar i landet bør bli gratis.

– Me har gratis utdanning og helsevesen. Då ser eg ingen grunn til at det skal kosta noko fram til barna er seks år, meiner Husøy Riskedal.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg