NRK Meny
Normal

Denne skaden deler kommunen hennar i tre

– Folk er framleis trygge, men dersom skaden ikkje snart blir fiksa må eg ha ein ny runde med helse- og brannsjefen, seier ordførar i Hjelmeland Trine L. Danielsen. Det er framleis uvisst når ferja mellom Hjelmeland og Nesvik vil bli sett tilbake i drift.

Kapteinen på Hjelmeland Helge Røgenes

Helge Røgenes er kaptein på MF «Hjelmeland», men han var ikkje om bord då ferja krasja. Kva som gjekk gale kan han ikkje svara på.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

I går krasja ferja MF «Hjelmeland» inn i ferjekaien på Hjelmeland då den skulle leggja til. Skadane som kom på ferjekaien gjer at ferja framleis ikkje kan trafikkera sambandet mellom Nesvik, Ombo og Hjelmeland på riksveg 13 i Ryfylke.

Og ferja må i alle fall vera ute av trafikk fram til neste veke har Vegvesenet, som har ansvar for å reparera skaden, opplyst.

– Dette er veldig uheldig for oss som er avhengige av å passera ein fjord, seier ordførar i Hjelmeland Trine L. Danielsen.

Kommunen hennar er nå delt mellom Ombo og begge sidene av Jøsenfjorden.

Glad for redningshelikopter på Sola

Først og fremst tenker ho på pleietrengande.

– Eg har hatt møte med helsesjefen i dag, som meiner at det skal gå greitt med heimesjukepleien. Brannberedskapen skal også vera god nok dersom me får hjelp frå Suldal, seier ho.

Men ho legg til at Situasjonen ikkje kan vera slik lenge.

– Dersom skadane ikkje blir fiksa snart må me ha ein ny runde. Eg er svært glad for at me har redningshelikopter stasjonert på Sola, for å sei det slik, seier Danielsen.

Norled har sett opp ei ekstraferje mellom Ombo, Nesvik og Tau, for å letta på situasjonen. Dette er ein ferjetur som tar ein time og 35 minutt. Men det er for dei som skal frå Hjelmeland til Suldal omkøyringa verst.

Dette gjeld til dømes ordføraren.

– Neste veke skal me ha eit stort møte i Suldal. Vanlegvis ville eg brukt 15 minutt for å koma meg på møte, nå vil det ta to timar ein veg, seier ho.

Monica Bærheim

Monica Bærheim skulle frå Søgne til ein byggeplass i Sand med isopor. Dermed blei det ein heftig omveg for ho.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Skuffa over varsling

Danielsen er skuffa over at ho ikkje einskild blei varsla av Norled då ferja blei sett ut av drift.

– Eg fekk først kjennskap til det då avisa Strandbuen fortalde meg om det, seier ho.

Norled stadfestar at dei berre varsla vegvesenet.

– Så lenge det ikkje er personskadar har me ikkje ei direktevarsling til kommunen. Men dersom Danielsen meiner me burde varsla ho er det grunn nok til å ta dette med i evalueringa, seier regiondirektør Gaute Gangenes, i Norled.

Veit ikkje årsaka

Kent Cederborg

Kent Cederborg kom til Nesvik frå Haugesund i 14-tida i går like etter ferjesambandet blei stengt. Dermed måtte han overnatta til klokka seks i dag då reserveferja gjekk til Tau. Frå Tau måtte han køyra til Årdal i Hjelmeland og lasta opp traileren med takstein. Deretter måtte han køyra tilbake til Tau og ta ferja tilbake til Nesvik med retning Sverige. Han tok likevel det heile med ro, og var glad for selskapet i bikkja Snapsen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Medan Vegvesenet og Mesta jobbar med å fiksa ferjekaien på Hjelmeland jobbar Norled med å finna ut kva som gjekk gale då ferja krasja inn i kaien.

Helge Røgenes er ein av fleire kapteinar på MF «Hjelmeland». Han var ikkje om bord då den krasja inn i kaia på Hjelmeland.

– Eg veit ikkje kva som skjedde. Av og til går det gale, og det er ikkje alltid me veit årsaka, seier Røgenes.

Ifølgje Vegvesenet kan det ta to veker å fiksa skaden.

Stor omveg

Mange næringsdrivande merkar godt konsekvensane av at hovudferdselsåra i Ryfylke er stengt på ferjestrekket.

Marine Harvest i Hjelmeland fraktar dagleg meir enn 70 tonn laks til Oslo via Haukeland. Dei må nå reisa via Kristiansand, og fisken som dei leverer til utflyging i Oslo er om lag to timar mindre fersk.

Men for andre er det snakk om langt større omvegar og forseinkingar.

Fleire trailersjåførar NRK har snakka med i dag har reist langt på grunn av at ferja ikkje kan gå mellom Nesvik, Hjelmeland og Ombo.

For Kent Cederborg tok turen han skulle ta eitt døgn i staden for nokre timar.

Han kom til Nesvik frå Haugesund i 14-tida i går like etter ferjesambandet blei stengt. Dermed måtte han overnatta til klokka seks i dag då reserveferja gjekk til Tau. Frå Tau måtte han køyra til Årdal i Hjelmeland og lasta opp traileren med takstein. Deretter måtte han køyra tilbake til Tau og ta ferja tilbake til Nesvik med retning Sverige. Han tok likevel det heile med ro, og var glad for selskapet i bikkja Snapsen.

Monica Bærheim sovna på ekstraferja som blei sett opp. Ho er ikkje vand med så lange ferjeturar.

Ho skulle frå Søgne til ein byggeplass i Sand med isopor. Dermed blei det ein heftig omveg for ho.

Ordføraren meiner at beredskapsaspektet er det viktigaste, men at stenginga også fører til økonomisk tap for mange.

– Kanskje me burde hatt ein reservekai i Hjelmeland når slike ting skjer, seier ho.

Hjelmeland - Nesvik er stengt

Ferja går mellom Nesvik, Ombo og Hjelmeland i Ryfylke.

Foto: Google maps