Hopp til innhold

Slit med å rekruttera unge – kan bli stor mangel på norske juletre

Juletrebransjen treng fleire unge som kan ta over drifta. Viss ikkje kan det bli vanskeleg å skaffa seg eit norsk juletre om nokre år.

Mikal Hetland

Juletrebonden Mikal Hetland har dyrka juletre i mange år på garden på Fister i Ryfylke, men veit ikkje om nokon vil ta over drifta om nokre år.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Mikal Hetland er ein av landets største juletreprodusentar og har dyrka juletre i 25 år.

Nå nærmar han seg 60 år. Foreløpig har han ingen som skal ta over garden i Ryfylke i Rogaland.

– Det er jo forferdeleg trist, men det er ikkje så mykje eg kan gjera med det.

Hetland har to søner som vurderar å ta over, men som foreløpig har gått andre vegar enn juletredyrking.

Mikal Hetland

Det viktigaste for Mikal Hetland er at sønene vel det yrket dei vil og ønsker, sjølv om det betyr at han må selje garden til nokon andre.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Vil ikkje sønene satsa, håpar 58-åringen at nokon andre unge vil overta drifta og kjøpa garden om nokre år.

Men det har han ingen garanti for.

Han er ikkje aleine om å vera i den situasjonen.

Slit med rekrutteringa i heile landet

Det er nemleg eit generasjonsskifte i juletrebransjen. Fleirtalet av juletredyrkarane i heile landet er eldre, og dei har store utfordringar med å få nye til å satsa.

Det var ei kraftig auke i salet av juletre i fjor, men det kan bli vanskeleg å få tak i eit norsk juletre i framtida.

I år blir det selt om lag ein million juletre frå norsk natur.

Dersom nye produsentar ikkje ser syn på å satsa, kan det mangla eit par hundre tusen norske juletre om ti års tid, ifølge bransjen sjølv.

– Me har mykje å gjera om me skal ha nok juletre til dei aller fleste i Noreg om sju til ti år, seiar dagleg leiar i bransjeorganisasjonen Norsk juletre, Heidi Amundsen.

Mikal Hetland

Mikal Hetland skal i år plukka ut 7000 juletre som skal hoggast frå juletreskogen på Fister i Ryfylke.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Importerer juletre frå utlandet

Kvart år blir det allereie importert mellom 200.000 og 300.000 juletre frå utlandet, fordi me ikkje produserer nok sjølv.

Så kvifor kan me ikkje berre importera meir frå utlandet?

Amundsen seiar at kundane helst ønsker tre frå Noreg.

– Me ønsker norske, kortreiste tre. Mange er interessert i sjølvhogst og at ein veit kven, kvar og korleis dei har blitt produsert.

Får hjelp frå fylkeskommunen

Nå blir det jobba for å rekruttera nye juletreprodusentar. Blant anna gjennom eit undervisningsopplegg for naturbruk-linjer ved vidaregåande skular, som dei etter kvart håpar å få ut til alle landbruksskular i landet.

– Me må bli meir synleg, og me må ut å møte dei som er på veg inn i næringa, seiar styreleiar i Rogaland juletre Rasmus Stokkeland.

Rasmus Stokkeland

Styreleiar i Rogaland juletre, Rasmus Stokkeland, meiner bransjen må sørga for å få inn nye produsentar for å dekke opp dei eldre som er på veg ut.

Foto: Magnus Stokka / NRK

I juletrefylket Rogaland har bransjen fått med fylkeskommunen. Her er rekrutteringsbudsjettet på 1,5 millionar kroner og målet er spesielt å få folk i landbruket til å planta juletre.

Gode pengar i juletre

Men er det eigentleg ein lur bransje for unge å hoppa inn i?

Det meiner i alle fall Norsk juletre.

– Viss ein gjer ein god jobb, er det ein god avkastning for det. Men ein kan ikkje berre plante eit tre og hauste det om sju til ti år, då er det ikkje sikkert ein får selt trea, seier Amundsen.

Juletreprodusenten Hetland er einig.

– Det krev mykje kunnskap, men for dei som gjer jobben, er det god butikk i det. Det har me mange eksempel på.

Flere nyheter fra Rogaland