– Nå har det seg sånn at me er allereie i eit godt forhold. Så me trivst utmerka i det forholdet me har i dag.
Det var svaret Sandnes-ordførar Stanley Wirak gav då han fekk spørsmålet om han ville ha Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø som stod ved hans side.
For mens Stavanger-ordføraren seier eit klart og tydeleg ja, er ordføraren i Sandnes ikkje interessert i kommunesamanslåing.
– Det vil ikkje eg, og det vil ikkje 90 prosent av befolkninga i Sandnes, sa Wirak.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Veks saman
Fortettinga i regionen blei av Sagen Helgø trekt fram som eit viktig argument for å slå seg saman.
– Denne regionen har grodd saman, og me har eit veldig viktig område i denne regionen, nemleg Forus. Det meiner eg er det viktigaste næringsområde i Norge, sa Sagen Helgø.
45.000 menneske jobbar på Forus og område husar 3000 bedrifter. Men politisk er det tre kommunestyrer som har det politiske ansvaret for næringsområdet.
– 85 prosent av næringslivet i denne regionen seier at me må bli færre kommunar, og det er eit veldig viktig signal, sa Sagen Helgø.
Wirak meiner derimot at samarbeidet fungerer godt nok i dag.
– Me jobber i samen på dei plassane me skal jobbe saman, og så driver me våre byar slik som våre befolkningar ynskjer at me skal drive dei. Me får det veldig godt til i denne regionen og det er fordi me har denne gode modellen, sa Sandnes-ordføraren.
- LES OGSÅ:
Stavanger kan bli namnet
Men då Wirak fekk utfordringa frå programleiar Atle Bjurstrøm om å gjera eit tankeeksperiment og koma med forslag til kva ein eventuell kommune skal heita, var svaret noko overraskande.
– Då ville det ha vore naturleg at den hadde fått namnet Stavanger.
– Kva? Kanskje det ikkje var ein så verst partnar likevel då, svara Sagen Helgø.
- LES OGSÅ: