Normal

– Me bestemmer kommunestruktur sjølv

Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) er skeptisk til fleire storkommunar med større ansvarsområde enn i dag.

Stanley Wirak (Ap) ordfører Sandnes

SKEPTISK: Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak, vil ikkje utan vidare slå seg saman med Stavanger. – Nå høyrest det ut som me skal ha nokre superkommunar som skal setja andre kommunar på sidelinja, meiner han.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Kommunar med meir enn 100.000 innbyggarar kan få hovudansvaret for både kollektivtransport og vidaregåande skular, oppgåver fylkeskommunen har i dag.

Det er blant tilrådingane frå ekspertutvalet for kommunereforma, som la fram sin sluttrapport i dag.

Resultatet kan bli større kommunar med like mykje ansvar og oppgåver som Oslo-kommunen har i dag.

Stavanger og Sandnes er eit god eksempel på nabokommunar der samanslåing bør vurderast, ifølge utvalet.

– Det kan vera mange fordelar ved å ha nokre større tyngdepunkt rundt om i landet. Nokre byar som har fleire oppgåver og større ansvar, seier Kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner (H).

Wirak: – Avgjerda skal me ta lokalt

Sandnes-ordførar Stanley Wirak lar seg ikkje begeistra over det ekspertutvalet har kome fram til. Han meiner ting kjem i feil rekkefølge.

– Det høyrest nesten ut som dei har bestemt seg, men avgjerda skal me ta lokalt. Nå høyrest det ut som vedtaket er gjort før diskusjonen er tatt. Det blir å begynna i feil ende, seier han.

Han fryktar for dei mindre kommunane, dersom eksempelvis Sandnes og Stavanger slår seg saman til ein storkommune.

– Dersom me har ein storkommune som tar seg av fleire av oppgåvene til fylkeskommunen, kva då med alle dei små kommunane? spør Sandnes-ordføraren seg.

Partiet hans, Arbeidarpartiet, har derfor meir tru på ein tredelt modell med kommunar, eit mellomnivå og staten.

– Nå høyrest det ut som me skal ha nokre superkommunar som skal setja andre kommunar på sidelinja, meiner Sandnes-ordføraren.

(Artikkelen held fram under videoen).

Ekspertutvalet sin kommunerapport

VIDEO: Sjå tv-reportasje med ordførarane i Stavanger og Sandnes, og deira reaksjonar på ekspertutvalet sin kommunerapport.

Sagen Helgø: – Naturleg med ein kommune i regionen

I delrapporten til ekspertutvalet, som kom i mars, gjekk utvalet inn for at kvar kommune bør ha minst 15.000 til 20.000 innbyggarar.

Dersom det skal bli følgd, må Norges 428 kommunar reduserast til om lag eit hundre kommunar.

I tillegg meiner altså utvalet at landet bør ha store regionale senter, for eksempel Stavanger og Sandnes. Det er noko Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø (H) er einig i.

– Eg synst me bør ha ein storkommune på Nord-Jæren, og meiner det ekspertutvalet kom med i dag er fornuftig. Me må tenka på framtida og dei oppgåvene kommunane skal løysa, seier ho.

Ho siktar blant anna til kollektivsatsinga og bymiljøpakka på Nord-Jæren der fire kommunar og fylkeskommunane er involvert.

– Me kjem til å få mykje meir krevjande oppgåver i framtida. Då er det berre heilt naturleg at denne regionen blir ein kommune i framtida.

Ho forstår likevel ordførarkollegaen i Sandnes som meiner det nye kommunekartet nærmast er laga før ein har fått kome med innspel lokalt.

– Ja, me bør gjennomføre dei utgreiingane me har sagt me skal ha. Ekspertutvalet seier at me bør både snakka og greia ut saman, så får framtida visa kven som skal bli storkommunar, seier Sagen Helgø.