– Her i stranda er det ein god del skyteleidningar og små plastfiber frå Ryfast-prosjektet, seier leiar i Naturvernforbundet i Strand i Rogaland, Egil Tjensvold.
Han er på nok ei ryddetokt i nabolaget sitt på Jørpeland.
Plastforsøplinga er ikkje godt synleg for dei som går tur på stranda.
Men når du bøyer deg ned på kne, er det lett å få auge på dei små plastbitane.
– Når eg grev i sanden finn eg større mengder. Dette er ein av dei største miljøskandalane i Rogaland. Og me kjem til å slita med dette i mange år framover, meiner Tjensvold.
Egil Tjensvold i Naturvernforbundet i Strand er blant privatpersonar som årleg har rydda stranda på Tungland på Jørpeland for plastfiber og skyteleidningar. Tjensvold er sikker på at plasten kjem frå Ryfast-prosjektet.
Foto: Magnus Stokka / NRKRyddejobben har kosta 11 millionar
I seks års tid har det blitt rydda skyteleidningar og armeringsfiber i plast frå milliardprosjektet Ryfast. Vegprosjektet har gjort Strand kommune i Ryfylke landfast med Stavanger.
Plasten blei dumpa i fjorden i samband med utfyllingar av steinmassar i starten av byggeperioden.
I 2014 blei Statens vegvesen meld til politiet av Naturvernforbundet. Vegvesenet fekk 540.000 kroner i bot, og pålegg om å rydda opp.
Så langt har ryddejobben kosta over 11 millionar kroner, opplyser Vegvesenet til NRK.
Men dei når ikkje sine uttalte mål om å bli ferdige med ryddejobben i år, slår Statsforvaltaren i Rogaland fast. Dei får rapportar om plasten som blir plukka.
– Det er mindre mengder plast enn det som er funne før, men det er framleis relativt store mengder i Ryfylkebassenget. Oppryddinga er ikkje ferdig ennå.
– Når ser me slutten på oppryddinga?
– Det er vanskeleg å tidfeste arbeidet, men me trur ikkje Vegvesenet blir ferdige i år.
Plastfiber frå Ryfast funne på Hundvåg i Stavanger i 2015.
Foto: Håkon Fossmark / Naturvernforbundet i RogalandGrundigare ryddejobb
Statsforvaltaren opplyser at det framover skal bli rydda og dokumentert grundigare.
Tidlegare har det blitt rydda i plastsekkar der størstedelen av avfallet ikkje stammar frå Ryfast-prosjektet. Det har også gjort dokumentasjonen lite nøyaktig.
Eit eksempel frå den grundigare ryddinga er frå øya Bru nord for Stavanger.
Der blei det nyleg plukka 1800 små plastfiberbitar og skyteleidningar på berre ni kvadratmeter i løpet av ni timar.
Statsforvaltaren understrekar at delar av plasten kan stamma frå andre byggeprosjekt. Dei er likevel tydlege på at resultatet så langt ikkje er godt nok.
– Men jobben er vanskeleg når me ikkje veit kor plast ligg og kvifor den heile tida kjem i retur.
Helgøy Skyssbåt har jobben med å rydda Ryfast-plast for Vegvesenet. Her er fangsten etter ein ryddedag i Ryfylkefjordane i fjor. Ifølge ryddegjengen stammar 80 prosent av innhaldet i sekkane frå andre ting enn Ryfast.
Foto: Magnus Stokka / NRKBer publikum om tips
Statens vegvesen har etter Ryfast-utsleppet vedtatt ei forskrift som betyr at det ikkje lenger skal brukast plast i sjøfyllingar.
Prislappen for det blir nær 100 millionar kroner for Rogfast, ifølge Vegvesenet. Det undersjøiske tunnelprosjektet gir ferjefri E39 mellom nord og sør i Rogaland.
Men Vegvesenet er tydelege på at det er mindre plastforsøpling frå Ryfast enn før. Dei seier det viktigaste er at dei skal rydda etter seg.
Miljøkoordinatar for Ryfast-prosjektet, Mette Alsvik.
Foto: Ole Andreas Bøe / NRK– Det er ikkje mykje me finn samanlikna med då me starta. Me har gått på dei tipsa me har fått og det er fiber frå oss. Men det er også annan type plast, seier miljøkoordinatar for Ryfast-prosjektet, Mette Alsvik.
Ho ber nå publikum om tips om kor det framleis er Ryfast-plast.
Eit konkret tips er stranda i nabolaget til Egil Tjensvold på Jørpeland. Ein mann som ikkje er imponert over ryddejobben til Vegvesenet.
– Det er du og eg som må rydda opp dersom ikkje den som forureinar blir pålagde å gjera det sjølv. Kvar enkelt fiber må ryddast opp.