Hopp til innhold

Rogfast-utsetjing kan gi milliard-rekning til bilistane

Stortingsbehandlinga av vegprosjektet Rogfast blir utsett til nyåret. Ifølgje stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) betyr det om lag 1,5 milliardar kroner i ekstra rekning til bilistane.

Rogfast

ROGFAST: Prosjektet E39 Rogfast inneber kryssing av Boknafjorden og Kvitsøyfjorden nord for Stavanger med undersjøisk tunnel.

Foto: Statens vegvesen

Geir Pollestad

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) meiner at Rogfast-utsetjinga får alvorlege konsekvenasr.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I Stavanger Aftenblad fortel samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) i dag at han ikkje klarer å innfri lovnaden om å legga fram vegprosjektet Rogfast for stortinget før jul.

Det fører ifølgje stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) til at bilistane som skal bruka Rogfast må betala meir inn gjennom bompengar.

– Dette betyr nemleg at Rogfast ikkje blir ein del av ordninga med 10 prosent bompengekutt i bilpakka som stortinget har vedteke. Den gjeld berre prosjekt lagt fram for stortinget før utgangen av 2016, seier han.

Han har sendt eit brev til Solvik-Olsen der han ber om at Rogfast likevel kan bli ein del av tiprosentsordninga. Hvis ikkje vil rogalendingene få ein ekstra rekning på 1,5 milliarder kroner.

samferdselsminister budsjett

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ønsker å rekna litt meir på Rogfast-prosjektet før han legg det fram for stortinget.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Ulike kostnadsanslag

Til Aftenbladet seier Solvik-Olsen at ei av grunnane til det har teke lengre tid enn venta, nettopp er at bilistane skal sleppa å betala for mykje bompengar.

– For å unngå kostnadssprekk og auke i bompengar må me ha litt meir tid til å sjå på kvifor der er skilnad i kostnadsanslaget til Vegvesenet og eksterne kvalitetssikrarar, seier han til avisa.

Pollestad på si side er kritisk til det han kallar for somling frå statsråden si side, men Solvik-Olsen meiner at det blir rart med kritikk frå Senterpartiet og Pollestad.

– Hvis Stortinget ønskjer rabatter på bompenger, så er det fritt frem å vedta det, seier Solvik-Olsen.

Så fort som mogleg

Men då håpar han at dei raudgrøne også stemmer for.

– Den summen på 1,5 milliarder kroner finst bare i hovudet på Pollestad. Dei må slutta å svartmala i alle situasjonar. Han høyrer til eit regjeringsalternativ som ikkje ønskjer bompengerabattar. Me skal sørga for at Rogfast kjem til Stortinget så fort som mogleg, og me skal sørga for så låg bompengedel som mogleg. Eg håpar dei raudgrøne også kan støtta det, seier statsråden.