Hopp til innhold

Her tar det lengre tid å reisa med tog enn på 90-talet

Toget mellom Stavanger og Oslo er treigare i dag enn i 1994. Samstundes er reisetida på motorvegen snart halvert. – Det er elendig for klimaet, seier Mímir Kristjánsson (R).

Tog på Stavanger stasjon

Toga som går frå Stavanger stasjon mot Oslo S går i dag elleve minutt saktare enn for 27 år sidan.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I 94 tok det raskaste toget mellom oljebyen og hovudstaden 7 timar og 27 minutt.

Om du set deg på det raskaste toget på same strekninga i morgon, tek det 7 timar og 38 minutt.

Det er altso elleve minutt treigare enn for 27 år sidan.

Samstundes vil den same turen med bil ta litt over fem timar når motorvegane står ferdige, har Nye Veier opplyst i ein e-post til Raudt.

Det er litt over fire og ein halv time mindre enn turen ville teke på midten av 90-talet, ifølgje NAF si vegbok frå 1995.

Raudt meiner dette syner ei manglande satsing på grøn transport.

– Eg tykkjer det er heilt greitt å få kritikk fordi vi har bygd altfor mykje gode vegar, svarar tidlegare samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

Mímir Kristjánsson på valkamp.

Mímir Kristjánsson (R) ventar på eit forseinka tog mellom Stavanger og Sandnes. Han seier jernbane vil vere ei kampsak for Raudt i ei eventuell regjering.

Foto: HÅKON JONASSEN NORHEIM / NRK

Meiner toget ikkje er konkurransedyktig

– Vi kan ikkje få folk til å skamme seg so mykje over å køyre at dei vel toget i staden. Vi må gjere togtilbodet brukande for folk, og det er det i veldig stor grad ikkje i dag, seier Mímir Kristjánsson.

Førstekandidaten for Raudt i Rogaland meiner dei borgarlege har forsømt jernbana.

Han meiner tilbodet på både lokaltoga og dei lengre avstandane i Sør-Noreg er for dårleg. og ynskjer seg ei krisepakke til Sørlandsbanen.

Raudt etterlyser både bybane, fleire avgangar, dobbeltspor på Jærbanen og utbetring av flaskehalsar, som tunnelar kring Flekkefjord.

– Det vert jo brukt hundretals milliardar på store motorvegar inn og ut av byane. Det er elendig for klimaet, og det er elendig for miljøet. Det er klart vi må få snudd den politikken, seier Kristjánsson.

Samferdsleminister Knut Arild Hareide vil ikkje gå med på Raudt sin påstand om at jernbanen har måtta gå for lut og kaldt vatn.

– Det er ei stor satsing på jernbanen i heile landet. Me har fire hundre milliardar me skal bruka i neste NTP. Me har tredobla budsjetta til jernbanen berre i løpet av åtte til ti år, men me klarer ikkje å gjera alt samstundes, seier Hareide.

– Toget vert ikkje so aktuelt

– Å sitje på tog er jo behageleg, men om ein brukar tre timar meir på å kome frå A til B, so vel ein bilen, seier Leif-Kristian Drivflaadt.

Han sit på eit noko forseinka tog mellom Stavanger og Sandnes.

Leif-Kristian Drivflaadt

Leif-Kristian Drivflaadt tek bilen om mogleg, då den som oftast er mest praktisk.

Foto: HÅKON JONASSEN NORHEIM / NRK

– Om toget gjekk fortare, hadde du teke det meir då?

– Ja, eg har jo teke tog i Tyskland som går dobbelt so fort. Der sparar ein faktisk tid på å ta tog i staden for å fly. Og so har det jo noko med pris å gjere. Det er jo dyrare å ta tog til Oslo enn å fly, seier Drivflaadt.

– Flytilbodet er godt

Ketil Solvik-Olsen i Framstegspartiet var samferdsleminister mellom 2013 og 2018 og har i fleire periodar representert Rogaland på Stortinget. No er han nestleiar i partiet.

– Det er dobbelt so mange avgangar på toget til Oslo no som det var før. Der er betre materiell, meir vedlikehald og meir føreseieleg.

– Men det å bygge dobbeltspor utanfor Oslo tek frykteleg lang tid og kostar mykje pengar. Det betyr ikkje at vi bør skrinleggje vegprosjekt slik Kristjánsson vil, seier Solvik-Olsen.

– Er det viktig å få fleire til å bruke bane mellom Stavanger og Oslo?

– Det viktigaste er å få fleire til å bruke bana mellom Eigersund og Stavanger. Det er der vi har trafikkproblem på Jæren, det er der køane finst.

Den tidlegare statsråden meiner det er bynær jernbane som bør setjast i fokus. Fordi det er her trafikkorkane finst.

– Så skal ein òg over tid utvikla jernbanen mellom Stavanger og Oslo, men der har ein no gode flytilbod, seier Solvik-Olsen.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Ketil Solvik-Olsen (Frp) seier mange ikkje skal frå bysentrum til bysentrum på dei lange strekkene. Difor meiner han det er viktigare å utbetre trafikktryggleiken på vegen og betre dei lokale togtilhøva.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Jernbana er dyr av ein grunn

Kostnaden per kilometer jernbane er høgare enn sjølv for ein fleirefelts motorveg.

– Jernbana er eit meir teknisk komplisert anlegg, seier Nils Olsson.

Han er professor ved fakultet for ingeniørvitskap ved NTNU og har drive som risikostyrar i store prosjekt – mellom anna for jernbaner.

For transport langs togskjenene treng straum, signalsystem og fleire tekniske anlegg for å drifte dei.

– So ein veg er for so vidt ein dummare og enklare installasjon, seier Olsson.

I tillegg er jernbana meir følsam enn ein veg for stigningar og svingar.

– Det gjer at det gjerne trengst fleire tunnelar, bruer og fyllingar. Ein står friare med kvar ein legg ein ny veg.

I tillegg seier Olsson at ein gjerne ynskjer ha togstasjonar inne i sentrum av byar, medan dei store vegane vert lagt utanom desse. Det fører også til ein stor kostnad motorvegen slepp.

Kristjánsson erkjenner at ei satsing på jernbana vil svi i lommeboka, men at ein burde flytte ressursbruken frå asfalt til skjener.

– Å reise på bilvegen har blitt kutta med mange timar fordi vi har brukt pengar på det. Men vi burde jo ha investert i tog i staden, so det vert eit konkurransedyktig alternativ for folk, seier Raudt-politikaren.

Mímir Kristjánsson på togstasjonen i Stavanger.

Kristjánsson delte ut valkampbrosjyrar med Raudt si satsing på jernbane, i håp om å vinne nokon reisande sin stemmesetel.

Foto: Håkon Jonassen Norheim / NRK