Hopp til innhold

Ny veg vil gi reisetid på fire timar mellom Bergen og Oslo

TYSVÆR (NRK): Nye Veier AS vil bygge ny firefelts E134 med ei fartsgrense på 110 kilometer i timen. Det kan gi reisetid på fire timar og koste opp mot 150 milliardar kroner.

Kø på E134 mellom Hokksund og Vestfossen retning Drammen

RASKARE OG BETRE: Ny E134 har vore diskutert i ei årrekke. Vegen er vald av regjeringa som hovudfartsåre mellom aust og vest, men dei siste fem åra har lite skjedd. No kan eit initiativ frå Nye Veier AS gi prosjektet meir fart.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

I dag tar det omtrent sju timar å køyre frå Bergen til Oslo. Det statlege selskapet Nye Veier vil bygge ein ny europaveg 134 med fire felt og ei fartsgrense på 110 kilometer i timen.

Dette vil redusere reisetida betydeleg.

– Vi ser for oss at vi kan klare å få ned reisetida til cirka fire timar, seier administrerande direktør Anette Aanesland i Nye Veier AS.

Anette Aanesland

Anette Aanesland er administrerande direktør i Nye Veier AS.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Nye Veier blei oppretta i 2016, og overtok då enkelte vegprosjekt som Statens vegvesen fram til då hadde hatt ansvaret for.

Skal foreslå fleire strekningar

I Granavolden-plattforma blei regjeringspartia samde om å auke Nye Veier sin portefølje. I samband med forarbeidet til nasjonal Transportplan 2022–2033 blei aksjeselskapet derfor bedt om å foreslå strekningar dei kan overta.

Det har nye Veier no gjort, og ei av strekningane er E134 mellom aust og vest. Forslaget blei lagt fram på ein vegkonferanse i Tysvær torsdag.

Den nye vegen er førebels berekna å koste mellom 120 og 150 milliardar kroner.

Men selskapet Norsk Bane meiner ein får meir for pengane med høgfartstog på same strekning – og til omtrent same pris.

Mulige vei- og togtraseer mellom øst og vest

– Jernbane vil koste 150 til 200 milliardar, men kostnaden blir til slutt mykje mindre. Driftsinntektene er med på å betale ned investeringa, seier dagleg leiar Jørg Westermann.

– Lyntog gjer reisetida kortare, med 2,5 timar mellom Bergen/Stavanger og Oslo. Transporttidene for gods vil òg gå ned, seier Westermann.

Kjemper for sikkerheita

Bygging av ny E134 har ført til ein langvarig diskusjon. Å få ein vintersikker veg har vore ei kampsak i fleire år.

I 2015 bestemte regjeringa seg for å satse på E134 som ny hovudveg mellom aust og vest i Sør-Noreg. Sidan har Statens vegvesen foreslått ulike løysingar for strekninga.

Roald Aga Haug, ordførar Odda

Roald Aga Haug er ordførar i Ullensvang kommune og styreleiar i Haukelivegen AS.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fem år etter avgjerda frå regjeringa er vegen framleis ikkje starta. Roald Aga Haug i interesseorganisasjonen Haukelivegen AS er derfor positiv til initiativet frå Nye Veier.

– Vi veit at Vegvesenet òg har planlagt godt for traseen, men det som er viktig for oss, er å få veg. Viss Nye Veier kan få fortgang i dette, er vi positive, seier han.

Meiner vegbygging er baklengs

Norsk Bane fryktar konsekvensane ein attraktiv firefeltsveg kan få.

– Det vil nærast legge ned godstrafikken på Bergensbanen og Sørlandsbanen og føre til store inngrep i landskapet, seier Jørg Westermann.

Jørg Westmann

Jørg Westmann og Norsk Bane jobbar for lyntog i Noreg.

Foto: Tormod E. Eitrheim

Norsk Bane støttar E134 som traséval, men trur prisen på ei så stor utbygging vil gå ut over rassikring og mindre vegprosjekt.

– Vi må òg lytte til næringslivet, som etter kvart treng miljøvennlege løysingar for transporten. Viss vi tar valet som aukar utsleppa og energibehovet, skjer det motsette av det både politiske prioriteringar og sunn fornuft tilseier, seier Westermann.

Klare for vegbygging

Nye Veier-direktør Aanesland seier standarden vil vere betre enn på dagens veg.

– Dagens veg er ein veldig ulykkesutsett strekning med fleire dødsfall. Den nye vegen vil ha midtrekkverk, som er noko av det beste vi kan gjere for å redusere møteulykker, forklarer ho.