Hopp til innhold

Regjeringa varslar færre vindmøller i framtida

«Vindkraftminister» Tina Bru varslar mindre utbygging av vindkraft på land. Det får vindkraftbransjen til å reagera.

Vindmøllepark Fitjar

OMSTRIDD: Vindmøller på land er svært omstridd i Noreg. Nå varslar regjeringa mindre vindkraft på land etter 2021. Biletet er frå ein vindmøllepark i Fitjar kommune i Sunnhordland.

Foto: Siri Løken, NRK

– Eg trur me vil sjå mindre utbygging av vindkraft på land i åra som kjem, seier olje- energiminister, Tina Bru (H).

Statsråden står midt i stormen om vindkraft og omstridde utbyggingsplanar blant anna på Øyfjellet i Nordland og Haramsøya i Møre og Romsdal.

Tina Bru

Olje- og energiminister Tina Bru (H).

Foto: Terje Bendiksby / Terje Bendiksby

Før sommaren vil regjeringa legga fram ei melding for Stortinget om konsesjonssystemet for vindkraft framover.

Men alt nå kjem statsråden med tydelege signal om at det skal bli færre vindmøller på land i Noreg.

– Mykje av det som blir bygd ut nå, blir bygd innføre eit subsidiesystem me har hatt i mange år. Det blir det slutt på i 2021. Då vil det blir mindre utbygging, trur eg.

– Treng meir vindkraft

Utspelet får vindkraftbransjen sin organisasjon Norwea til å reagera. Dei jobbar for å fremja norsk fornybar energiproduksjon.

Øyvind Isachsen

Administrerande direktør i Norwea, Øyvind Isachsen.

Foto: Norwea

– Me treng meir straumproduksjon framover, og den billegaste måten å bygga ut meir fornybar kraft på er vindkraft. Eg vil ikkje setja vindkraft opp mot sol eller vatn. Poenget er at me treng meir kraftproduksjon, seier administrerande direktør i Norwea, Øyvind Isachsen.

– Men kva med det auka konfliktnivået rundt vindkraft?

– Det viktigaste er å sikra gode prosessar og god forståing for dei som blir påverka til konsesjonen blir gitt. Me må ikkje enda opp med at folk gret på TV fordi det blir bygd vindmøller 500 meter frå huset.

Bru lovar innskjerpingar

Vindkraft er i ferd med å bli ein viktig del av den norske energiforsyninga. Den nye stortingsmeldinga om vindkraft blir sentral for korleis utviklinga blir framover.

– Noko av det viktigaste blir korleis me kan gjera forbetringar i sjølve konsesjonssystemet. Dette for å ta meir omsyn til natur og miljø og vareta lokaldemokratiet meir med mål om å dempa konfliktane rundt vindkraft, seier statsråd Bru.

Olje- og energidepartementet går nå gjennom konsesjonsbehandlinga med mål om å forbetra og sjå på innstrammingar av dagens praksis.

DNT: – Naturen betyr mest

Den norske turistforeining (DNT) er ikkje imot all vindkraft, men meiner naturvern må stå høgst i kurs. Nå har regjeringa og Stortinget sjansen til å visa at natur betyr noko, ifølge styreleiar Per Hanasand.

Per Hanasand

Styreleiar i DNT, Per Hanasand.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Me ser føre oss heilt andre reglar enn i dag. Me tar ikkje vare på naturen når me lagar industrianlegg med 800 meter veg og ein halv fotballbane for kvar turbin som skal stå på fjellet eller langs kysten, seier Hanasand.

Norwea, som har som mål å fremja norsk vindkraft, påpeikar på si side at vindkraft også kan bidra til næringsutvikling og elektrifiseringa av norsk sokkel.

– Både Sverige og Finland vil bygga ut meir vindkraft. Dersom Noreg seier nei, vil nye arbeidsplassar trekkja til nabolanda våre, meiner Norwea-sjef Isachsen.