Hopp til innhold

– Upassande med skiskyting

Terrorhandlingane i Oslo og på Utøya fredag pregar større arrangement i dag. Alle fotballkampar er utsett og dagens rulleskiløp i Sandnes, med skistjerner frå inn- og utland, er nå avlyst.

Her blir det ikkje skiskyting

Her blir det ikkje skiskyting. Tribunane på Blinkfestivalen i Sandnes vil stå tomme i dag.

Foto: Ole Andrè Lagmandokk / NRK

– Skiskytinga inneheld jo mellom anna ei skyteøving, noko me finn heilt upassande på ein dag som dette, seier Odd Langhelle som er leiar for Blinkfestivalen i Sandnes.

Alle aktørane i festivalen var laurdag morgon samla for å diskutera kva dei skulle gjer med det planlagde underhaldingsarrangementet. Alle skal ha vore heilt samde i at ski- og skiskyttarrenna på rulleski måtte avlysast.

Video Odd Langhelle leiar for Blinkfestivalen

Odd Langhelle er leiar for Blinkfestivalen i Sandnes.

Då NRK.no snakka med arrangementsleiinga var framleis utøvarar som Marit Bjørgen, Tora Berger, Emil Hegle Svendsen og Tarjei Bø ute i treningsløypa og hadde ikkje fått beskjed om at arrangementet blir avlyst.

Også Fotballforbundet opplyser om at fotballrundane i eliteserien, første divisjon og Fair-Play ligaen blir utsett.

I respekt for dei som er råka vil fotballkampane bli utset til neste veke.

I Stavanger har Gladmatfestivalen prega byen sidan onsdag. Leiinga var samla natt til laurdag og avgjorde at arrangementet skulle halda fram.

Laurdag føremiddag blei det likevel avgjort at festivalen stengjer ned.

Gladmat stengt etter terrorangrep

«Det er landssorg i Norge», står det på lystavlen på torget i Stavanger. Gladmaten avgjorde å stenge ned laurdag ettermiddag.

Foto: Frank André Bremnes/NRK