Hopp til innhold

Deler Gladmat-festivalen opp i tre

Vanlegvis er om lag 250.000 menneske innom Gladmat-festivalen i Stavanger. I år er det om å gjera å halda besøkstalet nede.

Gladmat 2021

Strålande sol på opningsdagen av Gladmat 2021. I år må du ha billett for å koma inn her på Nytorget.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Klokka 12 onsdag opna statsminister Erna Solberg og matminister Olaug Bollestad den største matfestivalen i landet.

Med strålande sol, kunne ikkje festivalvêret i Stavanger vore betre. Trass dette er ikkje Gladmat-sjef Maren Skjelde fri for bekymringar.

– Det er jo ein perfekt dag, men eg er sjølvsagt både nervøs og spent, seier ho.

Glamat 2021

Statsminister Erna Solberg saman med matminister Olaug Bollestad før den offisielle opninga av Gladmat 2021.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Ikkje reis på spontantur

For Gladmat er festivalen der folk frå heile Rogaland kastar seg på tog eller båt for å få seg noko godt å eta og drikka i Stavanger.

Besøkstalet plar liggja på opp mot 250.000 i løpet av langhelga det føregår.

Nå er oppfordringa frå Gladmat-sjefen klar: Ingen spontantur inn til byen i år.

– Folk bør først gå inn på nettet og melda seg på. Me har delt festivalen inn i tre område, seier Skjelde.

Maren Skjelde åpner Gladmat

Maren Skjelde frå Gladmat-opninga i 2018.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

Det har nyleg vore ei smittebølgje på Nord-Jæren, og Stavanger har derfor strengare restriksjonar enn fleire andre stader i landet.

Festivalarrangøren meiner likevel at det blir ei god gjennomføring, når dei har delt opp festivalen slik dei har gjort.

Dei tre områda festivalen skal føregå på er:

  • Torget
  • Nytorget
  • Ledaal-parken
Gladmat - Skagenkaien

Vanlegvis betyr Gladmat eit stappfullt Stavanger. Her frå Vågen i 2019.

Første dag av Gladmaten

Folk nyter utelivet på Strandkaien. 2019.

Gladmat i Pedersgata

Også på Nytorget er det eit yrande folkeliv. 2019.

Gladmaten 2016

Utsikt innover Vågen under Gladmat-festivalen 2016.

Gladmat 2013

Gladmat-festivalen 2013

Gladmat 2012

Gladmat-festivalen 2012.

Vil bli flytta for godt

På Nytorget og i Ledaal-parken får 200 mann koma inn i ulike tidsluker i løpet av dagen.

På Torget vil der vera lokale matprodusentar, og ei klar oppfordring om at folk held ein meter avstand.

I tillegg består festivalen av ulike opplevingar, som løype frå restaurant til restaurant, sanketur og kokkekurs for barn. Dette er også arrangement som krev påmelding.

Også i fjor måtte Gladmat avgrensast på grunn av korona. Då var tiltaka fleire og strengare enn i år.

Elles er det nytt for året at heile festivalen er flytta tidlegare på sommaren. Ifølgje Skjelde vil det også bli slik framover. Mellom anna for å unngå kollisjon med andre matfestivalar.

Erna Solberg opna Gladmat-festivalen 2021

Strålande sol då statsminister Erna Solberg opna Gladmat 2021 på Nytorget i Stavanger.

Foto: Ninnie Therese Rogne Nilsen / NRK