Hopp til innhold

Nytt avhøyr i Tengs-saka gjennomført – nå tar politiet nye etterforskingsskritt

Politiet er nå i gang med nye vitneavhøyr og undersøkingar i Birgitte Tengs-saka. Det skjer etter ønske som sikta la fram i nytt politiavhøyr førre veke.

Birgitte Tengs

Birgitte Tengs (17) blei funnen drepen nær heimen sitt på Karmøy 6. mai 1995, i september 2021 blei ein mann i 50-åra frå Karmøy fengsla og sikta for drapet.

Førre veke blei mannen i 50-åra som er sikta for drapet på Birgitte Tengs i 1995 avhøyrt for første gong sidan oktober.

– I avhøyret har sikta saman med sin forsvarar sett fram eit kravsmål om nye etterforskingsskritt som dei ønsker gjennomført, seier politiadvokat Fredrik Martin Soma.

Frå sikta sin forsvarar får NRK opplyst at det i hovudsak handlar om å få politiet til å oppklara konkrete dato og tidspunkt, samt avhøyr av personar som har vore i nærområdet på interessante tidspunkt.

Sikta har gått gjennom saksdokument

Politiet er likevel tilbakehaldne med opplysingar rundt dei nye etterforskingsskritta.

– Det handlar i hovudsak om nokre nye vitneavhøyr og undersøkingar, som me nå er i gang med. Dette vil me jobba med fram mot sommaren, seier Soma.

Den sikta skal ha sjølv ha ønska det nye avhøyret, ifølgje forsvarar Stian Kristensen.

– Han har over tid nå gått gjennom vitneforklaringar som blei gitt for over 20 år tilbake i tid, for å sjå korleis det kan hjelpa på minnet. Det er med bakgrunn i dette han har bede om diverse etterforskingsskritt og bede politiet om å undersøka konkrete ting, seier Kristensen.

Forsvarer Stian Kristensen

Stian Kristensen er forsvarar for mannen i 50-åra som er sikta i Tengs-saka og mistenkt i Jørgensen-saka. Han seier at klienten hans har lese seg opp på gamle vitneavhøyr.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Korleis har din klient opplevd desse avhøyra, han har jo ikkje vore avhøyrd sidan i haust?

– For han har desse månadane vore tunge. Han har vore klar heilt frå starten på at han er uskuldig, at han ikkje har noko med dette å gjere. For han var det eit gode å få lov å koma i eit avhøyr no og be om at politiet sjekkar ut konkrete opplysningar.

Tidsfrist står i fare

Dei nye etterforskingsskritta betyr at politiet si målsetjing om å vera ferdig etterforska i løpet av juni kan ryka. Soma meiner likevel at framdriftsplanen etter sommaren i står ved lag.

– Kva meir kom fram i avhøyret?

– Eg vil ikkje gå inn på kva sikta er avhøyrt om denne gongen. Det har vore spørsmål stilt til han som han har svart på, så har han også kome med kravsmål om desse etterforskingsskritta, seier han.

– Samarbeider han godt?

– Han stiller i avhøyr, svarer på spørsmåla han blir stilt og fått tilbod om å kommentera bevis i saka, så vil eg ikkje seia noko meir om avhøyrssituasjonen, seier Soma.

Fredrik Martin Soma, politiadvokat

Politiadvokat Fredrik Martin Soma seier at det skal gjennomførast nok eit avhøyr med sikta denne månaden.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Jørgensen-avhøyr rett rundt hjørnet

Mannen i 50-åra er også mistenkt for å stå bak drapet på Tina Jørgensen i 2000. Men tema for dette avhøyret var utelukkande Tengs-saka.

– I dette avhøyret bad han om etterforskingsskritt og svarte på spørsmål ut frå si eiga forklaring. Det var ikkje eit avhøyr der politiet stilte spørsmål som dei hadde klar på førehand, seier forsvarar Stian Kristensen.

Ifølgje Soma er det planlagt nytt avhøyr der mannen også skal svara på spørsmål om Jørgensen-saka.

Dette vil truleg også skje i løpet av juni.

– Vil dette avhøyret utelukkande handla om Jørgensen-saka?

– Me har framleis ikkje tatt stilling til korleis me skal løysa det, avsluttar Soma.

Det er planlagt at rettssaka mot mannen skal ta til i slutten av oktober i år. Haugaland og Sunnhordland tingrett er bedt om å sette av ein periode på tolv veker.

NRK forklarer

Birgitte Tengs-saken enkelt oppsummert

Birgitte Tengs-saken enkelt oppsummert

Birgitte Tengs (17) ble funnet drept nær hjemmet sitt på Karmøy i 1995.

Birgitte Tengs-saken enkelt oppsummert

Hvem drepte Birgitte?

En omfattende drapsetterforskning førte til at Birgittes fetter kom i politiets søkelys. Fetteren tilsto først drapet og ble dømt i tingretten. Senere trakk han tilståelsen.

Birgitte Tengs-saken enkelt oppsummert

Hvorfor trakk fetteren tilståelsen?

Politiet fikk kritikk for avhørsmetodene som ble brukt. Fetteren og forsvarerne mente at tilståelsen ble presset fram i avhør og valgte å anke dommen.

Birgitte Tengs-saken enkelt oppsummert

Hva ble resultatet i lagmannsretten?

I lagmannsretten ble fetteren frikjent for drapet, men dagen etter frifinnelsen ble han dømt til å betale 100.000 kroner i erstatning til Birgittes foreldre i en sivil erstatningssak.

Birgitte Tengs-saken enkelt oppsummert

Hvordan er det mulig?

I en sivil rettssak gjelder andre beviskrav enn i en straffesak. Derfor kan dommene i to slike saker bli forskjellige. Erstatningskravet ble senere droppet, men selve erstatningsdommen ble stående.

Birgitte Tengs-saken enkelt oppsummert

Hvorfor ble ikke saken avsluttet her?

Fetteren ønsket å bli kvitt erstatningsdommen og tok saken videre til menneskerettighetsdomstolen i Strasbourg. Her fikk han delvis medhold.

Birgitte Tengs-saken enkelt oppsummert

Hva ble resultatet i Strasbourg?

Den norske staten ble dømt til å betale erstatning til fetteren. De mente erstatningsdommen gikk for langt i å forutsette at fetteren var skyldig. Men erstatningsdommen ble fortsatt ikke opphevet.

Birgitte Tengs-saken enkelt oppsummert

Er saken oppklart?

Birgitte Tengs-saken ble etterforsket av «cold case»-gruppen i Kripos. Nye DNA-analyser førte til at en mann i 50-årene ble pågrepet i september 2021. Han er nå siktet for drapet. Samtidig skal retten nå vurdere erstatningsdommen mot fetteren på nytt.

Drapet på Birgitte Tengs