Hopp til innhold

Meiner legar ikkje gjer jobben sin viss dei ikkje fyller ut journalen

Pasientombodet meiner all relevant informasjon må stå skrive i pasientjournalen. – Slurv kan gå utover pasienttryggleiken, meiner ho.

Vibecke Bruvik

Pasient- og brukarombod Jannicke Bruvik er bekymra for pasienttryggleiken.

Foto: Pasient- og brukerombudet

– Viktig informasjon kan gå tapt viss det ikkje blir ført i journalen. Då er det pasienten som blir taparen til sjuande og sist, seier Jannicke Bruvik.

Ho er nasjonalt pasient- og brukarombod.

Bruvik meiner det spesielt er viktig med utfyllande journalar når pasienten skal byte lege eller visast til spesialist.

– Derfor er det viktig for alle pasientar at relevant og viktig informasjon må førast i journalen, seier ho.

Bruvik uttaler seg på generelt grunnlag.

NRK har i seinare tid skrive fleire saker om Nav sine kontrollar av legar og innsyn i pasientjournalar.

Lege Svein Gisle Apeland er ein av ti legar som i dag mellombels har mista retten til å skrive sjukemeldingar. Sidan 2018 har 57 legar mista denne retten. Sjølv om det er fastlegekrise i Noreg.

Etter at Apeland stod fram, har han også fått støtte frå fleire fastlegar. Saka har også vore oppe til debatt i Dagsnytt 18.

Apeland blei svartelista av Nav på grunn av manglande journalføring. Han har mista retten til å sjukemelde pasientane sine i ni månader.

Les også Fastlege nektes å sykemelde sine 1500 pasienter etter 42 år

Svein Gisle Apeland går gjennom pasientlister

Fokuserer på pasient – ikkje journal

Fastlege Apeland meiner det viktigaste er pasienten.

– Det vi er her for å gjere, er å ta oss av pasientar. Vi skal hjelpe dei i eit uoversiktleg system. Det er ikkje alltid vi har tid til å skrive lange journalar, seier fastlege Svein Gisle Apeland.

Kva skjer då når ein pasient byter lege?

Svein Gisle Apeland

Svein Gisle Apeland er ein av 57 legar som dei siste fire åra har mista retten til å sjukmelde pasientane sine.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Når eg får nye pasientar, tar eg alltid eit primærintervju med dei. Ein overtar aldri ein pasientjournal slavisk, seier Apeland.

Han påpeikar at alvorlege ting, som sjukehusinnleggingar, medisinbruk og allergiar, alltid blir førte i journalane.

Då Apeland mista retten til å sjukemelde pasientane sine, var det mangelfulle oppfølgingsjournalar Nav reagerte på. 15 av 1500 pasientjournalar vart kontrollerte.

Men det er berre rundt 9 promille av alle journalane eg skeiv i det tidsrommet, seier fastlegen.

Legeforeininga meiner journalen er viktig. Først og fremst som eit verktøy i behandlinga og oppfølginga av pasienten. Men også som dokumentasjon overfor Helfo og Nav.

– Mangelfull journalføring kan også vere ein fare for pasienttryggleiken, seier leiar for Allmennlegeforeningen, Nils Kristian Klev, til NRK.

Han har likevel inntrykk av at dei aller fleste legane har god kvalitet på journalane og bruker dei som eit viktig arbeidsverktøy.

– Men det vil nødvendigvis vere noko ulike syn på kva som er formålstenleg omfang av dokumentasjon, seier Klev.

Legejournal

Nav gjennomfører mellom 80 og 90 kontrollar kvart år. Då kontrollerer dei mellom anna journalføringa til legane.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Tidsklemma til legane

Mangelen på fastlegar gjer at 235.000 pasientar står utan fastlege i Noreg. Fastlegane har i lengre tid påpeika at dei ikkje får nok tid per pasient.

– Vi blir stadig pålagde nye oppgåver sjølv om vi har sagt det vil gå utover kvaliteten. Og så kjem dei etterpå og kritiserer oss for at vi ikkje bokfører absolutt alt. Slik skal det ikkje vere, seier Apeland.

Å skrive journal er lovpålagd. Legeforeininga meiner også det er nødvendig.

– Men det har vore ein diskusjon om kor omfattande dokumentasjonen skal vere, til dømes knytt til Navs krav om sjukemeldingar, seier Klev.

Nils Kristian Klev, leder i Allmennlegeforeningen

Leiar for Allmennlegeforeningen, Nils Kristian Klev.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Han legg til at legeforeininga jobbar saman med Nav for å sjå på korleis informasjonsutvekslinga mellom Nav og legane kan forbetrast og forenklast.

– Det handlar både om betre digitale løysingar, men også om at det ikkje blir bede om meir informasjon enn nødvendig og at tidlegare gitt informasjon i større grad blir brukt om att, seier Klev.

Pasientombod Jannicke Bruvik har forståing for at fastlegane har mykje å gjere. Samtidig meiner ho jobben skal gjerast ordentleg.

– Ein kan ikkje seie at ein har så dårleg tid at ein ikkje kan føre journal. Då gjer ein ikkje jobben sin, seier Bruvik.

Pasientombodet får kvart år førespurnader frå pasientar om noko som manglar i journalane.

– Men det gjeld ikkje berre fastlegar. Det gjeld også psykologar, fysioterapeutar og behandlarar på sjukehus, seier ho.

Fastlege Svein Gisle Apeland har no klaga på vedtaket frå Nav.

Les også Pasient vurderer søksmål mot Nav etter innsynssak

Hans Einar Johannessen