Hopp til innhold

Hundrevis av studentar på venteliste: – Oljemessa skapar som oftast trøbbel

Medan studentar står utan tak over hovudet, leigast leilegheiter ut til titusenvis av kroner i veka. Studentorganisasjonar ber folk hjelpe til og leige ut ledige enkeltrom – til oljemessa er over.

Stuart Young på ONS 2018

Menn med dress og damer med adgangskort om halsen betalar gjerne litt meir enn studentar når det er oljemesse i byen. Biletet er frå messa i 2018 og har ikkje noko med denne saka å gjere.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er full action hjå oss for tida, seier Elisabeth Faret, sjef i Studentsamskipnaden i Stavanger (SIS).

Då studentane for nokre dagar sidan fekk svar på kvar dei kom inn, eksploderte den allereie store etterspurnaden etter bustadar.

– Då var det kaos på telefonen. Det var ganske mange stressa studentar og foreldre, seier Faret.

Fleire hundre studentar står no på venteliste for å få bu i studentbustadar.

– Mange studentar ringjer inn og er fortvila, men kva seier de til dei?

– Vi seier til dei at det er ONS i Stavanger. ONS skapar som oftast trøbbel med bustadar.

Elisabeth Faret står på parkeringsplassen utanfor dei nye studentbustadane på campus i Stavanger. Det er sol og ein kan sjå at bygga er heilt nye.

Elisabeth Faret seier mange studentar jobbar hardt for å finne tak over hovudet. Det har ikkje vore so stort trykk sidan 2014, før oljeprisen fall: – Studentane er desperate etter bustad, seier ho.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Nye studentbustadar på campus i Stavanger. Blokkene har trepanel og ligg bada i sol. I framgrunnen ser ein grasplenar.

Dei nye studentbustadane på campus i Stavanger rommar ein del, men framleis står hundrevis på ventelister. Slik mangel er det ved dei fleste studiestadane i landet.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Eit inntog av pengesterke folk

Det er raudglødande aktivitet i norsk oljenæring for tida og petroleumsaktiviteten er rekordhøg. Olja – og pengane – fløymer inn.

Offshore Northern Seas (ONS), eller oljemessa, som det er betre kjend som, går av stabelen annankvar haust i Stavanger. Hit kjem næringslivstoppar frå heile verda.

Desse fire-fem dagane kan toroms leilegheiter i Stavanger leigast ut for alt frå 10.000 til nærare 50.000 kroner på Airbnb.

På Finn finn ein leilegheiter som er ledige frå og med dagane etter ONS er over – altso er dei opptekne til då.

Faret seier det er ganske typisk for dei åra det er oljemesse at den private leigemarknaden vert støvsoge. Messa plar vere kring studiestart.

– Vi seier: finn deg ein ven eller nokon du kjenner som du kan dele rom med, i alle fall ut august. Legg ut annonsar. Kanskje du finn nokon som kan huse deg, i alle fall for ein månad, seier Faret.

Men etter messa er over, vert det fort lettare tider for studentane.

– Frå september og ut plar det ordne seg, spesielt grunna at ONS er over, seier ho.

Les også Fulltidsstudenter kan ikke leve av studiestøtten alene: – Det er ekstremt vanskelig

ONS 2018

Oljemessa, eller ONS, er kjend for å presse prisane betydeleg opp i utleigemarknaden i Stavanger den veka det står på.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Må ha ein plan b

Jens Martin Bendiksen er blant dei som står på venteliste for å få plass på studentbustad ved universitetet i oljebyen.

Han skal etter planen studere pedagogikk om nokre veker – so sant han finn seg ein stad å bu.

– Eg har alltid hatt gode opplevingar med Studentsamskipnaden. Kjem du inn der, so sit du på trygge rammer. Før eg vart ferdig med mastergraden i Oslo, la eg inn ein søknad hjå dei i Stavanger.

Jens Martin Bendiksen

Jens Martin Bendiksen seier det er dyrt å leige i Stavanger, men sidan han til no har budd i Oslo er det meste meir rimeleg.

Foto: Privat

Men i og med at Bendiksen ikkje er førsteårsstudent står han litt bak i køen for å få studentbustad. Dimed er han no på leit i den private bustadmarknaden også.

Han skjønar kvifor private utleigarar kanskje held att leilegheitene sine til etter oljemessa – der er jo litt å hente på det.

– Det er jo heilt forståeleg at dei gjer det, seier Bendiksen.

Han har likevel god tru på at han vil kunne flytte til Stavanger og ta til med studiet.

– Det er dyrt, men det ser ut som vi kanskje finn ei løysing på det. Vi får berre krysse fingrane og håpe.

Universitetet i Stavanger

Studentsamskipnaden i Stavanger har tidlegare sagt at dei ynskjer over 12000 studentbustadar på campus innan 2025.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Ta imot ein student

Elisabeth Faret er ikkje sikker på korleis ein skal handtere dei mange studentane som snart kjem til byen.

Ho fortel at dei tidlegare år har sett opp feltsenger i gymsalar for å gje alle ein stad å sove, men at dette er siste utveg.

– Har de eit rom anbefaler eg at de legg det ut og sei ifrå til universitetet at de har det. Ta imot ein student, det vert berre for nokre veker, seier Faret.

Elisabeth Faret står på parkeringsplassen utanfor dei nye studentbustadane på campus i Stavanger. Det er sol og ein kan sjå at bygga er heilt nye.

– Vis omsorg for studentane våre. Vi treng dei i Stavanger, vi treng alle vi kan få, seier Elisabeth Faret.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Kommunikasjonsdirektør i ONS, Inger Johanne Stenberg, seier at oljemessa – eller energimessa som ho føretrekkjer å kalle det – merkar mindre pågang når det gjeld bustad enn før.

– Vi veit det alltid er stor interesse for å leige ut bustad gjennom ONS, men vi har merka ein nedgang her. Mellom anna fordi det er betre hotellutval no enn før. Også veit vi at mange av dei som leiger ut gjennom ONS, er private som dreg på hytta eller anna akkurat den veka og som i utgangspunktet ikkje ville ha leigd ut til studentar, seier Stenberg, som håpar at mange studentar vil besøkje ONS.