Hopp til innhold

Rekordresultat for Equinor

Equinor nyt godt av høge prisar på olje og gass, og leverer sitt beste resultat nokosinne.

Oljeplattformen Sleipnet T utanfor Stavanger.

Equinors Sleipner T utanfor Stavanger.

Foto: Nerijus Adomaitis / Reuters

For andre kvartal på rad legg Equinor fram rekordhøge tal. Justert driftsresultat før skatt enda på 15 milliardar dollar, tilsvarande 132 milliardar kroner.

Det er ein solid oppgang frå same kvartal i 2020, der resultatet blei 6,7 milliardar kroner.

Selskapet har nytt godt av auka prisar på olje og gass. Oljeprisane er på sitt høgaste sidan 2014.

– Dette er eit veldig sterkt resultat og det skuldast den gode, solide drifta vi har hatt. Vi har hatt sikker og effektiv drift gjennom hele kvartalet. Her har alle plattformene produsert med veldig høy produksjonseffektivitet, seier konsernsjef Anders Opedal til NRK.

I løpet av året auka selskapet produksjonen av olje og gass med 3,2 prosent. I fjerde kvartal pumpa dei i snitt opp 2,158 millionar fat olje kvar dag, ei auke på 115.000 fat frå same periode i 2020.

Optimistisk for framtida

Vegard Bror Trodal er 28 år gammal. Han har ein bachelor i petroleumsteknologi, og tar no ei master i industriell økonomi. Til sommaren skal han ha praksis i Equinor.

Vegard Bror Trodal

OPTIMISTISK: Studenten Vegard Bror Trodal trur resultata frå Equinor kjem til å halde fram.

Foto: Erik Waage / NRK

Då eg byrja for fire år sidan, så kom alle som søkte inn på studiet. Så det var nok ikkje mange som tenkte at dette var noko å satse på.

Han trur at det ikkje berre vil bli olje han kjem til å jobbe med når han skal inn i bransjen.

Vi skal jobbe med korleis vi skal løyse energiproblemet i verda, og eg ser for meg at det blir veldig spennande å vere med på å løyse det problemet.

Trodal er nøgd med resultatet frå Equinor, og trur det er noko som kjem til å halde fram i åra framover.

Marknaden tok seg opp

For 2021 under eitt blei det justerte driftsresultatet etter skatt på 10 milliardar dollar, 88,2 milliardar kroner.

Anders Opedal er konsernsjef i Equinor.

Konsernsjef Anders Opedal har all grunn til å smile.

Foto: Hallvard Norum / NRK

Opedal poengterer at 2021 var prega av pandemien, men at marknaden tok seg opp igjen med høge prisar – spesielt i andre halvdel av året.

– Det som skjedde når gassprisane i haust auka, var at vi såg på korleis vi kan bidra til å vere ein sikker leverandør til Europa på gass. Så vi auka gassproduksjonen med 16,5 prosent i fjerde kvartal i 2021, samanlikna med fjerde kvartal i 2020.

– Nettopp for å sikre at vi skulle vere den som bidrog til at Europa hadde nok gass. Trass i det ser vi at prisane har vore rekordhøge, legg han til.

Opedal forsikrar om at han òg har fått høge straumrekningar, og at han forstår kritikken av elektrifiseringa av sokkelen.

– Vi har lagt inn forslag om auka kraftproduksjon, mellom anna ved utbygging av havvind. Vi har god framdrift, seier konsernsjefen.

Les også Høge straumprisar har svekka entusiasmen for å elektrifisere sokkelen

Fra oljefeltet Johan Sverdrup

Ventar produksjonsvekst

Omsetninga endå på 32,13 milliardar dollar, opp frå 11,88 milliardar dollar same kvartal året før.

Likevel meiner Opedal resultatet kunne vore endå betre.

– Vi har to anlegg som ikkje går for tida, det er Hammerfestanlegget som vi kjenner til, og Peregrino-feltet i Brasil. Så resultatet kunne vore litt betre, men framleis blei det rekordresultat.

Equinors Dudgeon Offshore Wind Farm utenfor England

Equinor har satsa på havvind dei siste åra. Her frå Dudgeon Offshore Wind Farm utanfor England.

Foto: Jan Arne Vold / Equinor

Equinor ventar ein produksjonsvekst på rundt 2 prosent for 2022. Dei vil investere rundt 10 milliardar dollar i år og neste år, og 12 milliardar dollar i 2023 og 2024.

Det grøne skiftet i rute

Samtidig melder selskapet at dei er i rute i den grøne omstillinga. Equinor har som mål å halvere nettoutsleppa innan 2030, og minst 50 prosent av dei årlege bruttoinvesteringane skal gå til fornybar energi og lågkarbonløysingar.

– Fram til 2026 skal vi investere 23 milliardar dollar innan det segmentet, og 50 milliardar fram til 2030, lovar Opedal.

Samtidig vil dei gi konkurransedyktig utbytte, seier konsernsjefen. Styret foreslår å auke aksjeutbytta, og samla sett anslår dei utdelingar til omtrent 88 milliardar kroner.

– Slik at vi kan halde fram med å investere i desse prosjekta framover, seier Opedal.

I tillegg skal dei auke tilbakekjøpsprogrammet for 2022 til opptil 44 milliardar kroner.

No blir det utbyttefest for dei med aksjar i Equinor, forklarar NRKs økonomikommentator Cecilie Langum Becker.

– Dei kjøper tilbake aksjar for ein større sum enn ein hadde sett for seg. Det aukar då verdien på aksjonærens aksjar.

Les også I skyggen av lykkeland

Fra NRK-serien Lykkeland

AKTUELT NÅ