Hopp til innhold

– Tilliten til Super Puma-helikoptera er vekke

Fagforeininga Safe har i dag hatt møte med fleire av sine tillitsvalde, for å snakka om helikopterulukka på fredag. – Tilliten til helikoptera er vekke, og eg har lita tru på at dei kan brukast på norsk sokkel igjen, seier nestleiar Roy Erling Furre i Safe.

Roy Erling Furre

OPPLEVD RISIKO: Roy Erling Furre med SINTEF si helikoptertryggleiksstudie der det står om korleis oljearbeidarar opplever risikoen ved å fly helikopter til og frå jobb.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Oljearbeidarar har i dag sjukemeldt seg for å sleppa å reisa tilbake på arbeid i Nordsjøen med helikopter. Trass i at ulukkeshelikopteret er sett på bakken inntil vidare.

– Det er openbart at mange har problem med å koma seg på jobb, og blir sjukemelde på grunn av den frykta dei har for å fly, seier Roy Erling Furre, som er nestleiar i fagforeininga Safe, som organiserer 10.500 oljearbeidarar.

Rotorbladet

Helikopteret som fredag styrta ved Turøy var ein Airbus Helicopters H225, også kalla Super Puma.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Slutt for Super Puma

I dag har han hatt møte med tillitsvalde frå dei ulike offshore-bedriftene, og det har kome tydeleg fram at tilliten til Super Puma er vekke. Same kva årsaka til fredagens ulukke er, så er det summen av ulukker som gjer noko med oljearbeidarane sitt forhold til helikopteret.

– Me er opptekne av at granskingskommisjonen skal få fullføra arbeidet sitt i fred og ro, og i respekt for dei pårørande vil ikkje me meina noko om dette arbeidet. Når det er sagt så registrerer me at tilliten til helikopteret er vekke hos dei som skal halda fram med å reisa på jobb offshore, seier Furre.

Helikoptertypen har flyforbod for rutetrafikk til ein kjenner årsaka til ulukka. Men Furre kan ikkje forstå korleis ein skal kunne ta helikopteret i bruk igjen etter det som har skjedd.

– Den reelle risikoen kan vera låg, men med tanke på at arbeidarane likevel opplever høg risiko med å fly Super Puma, trur eg aldri at dei kan takast i bruk på norsk sokkel igjen, seier han.

SJÅ TV-SAK: Helikopterveteranar kritiske til Super Puma

Mike Boxill (t.v.) har jobba som offshorepilot i 35 år, medan Jan E. Linderud har fleire år bak seg som kontrollsjef i Helikopterservice. Dei meiner at det er totalt uakseptabelt at ei ulukke av denne typen kunne skje.

UAKSEPTABELT: Mike Boxill (t.v.) har jobba som offshorepilot i 35 år, medan Jan E. Linderud har fleire år bak seg som kontrollsjef i Helikopterservice. Dei meiner at det er totalt uakseptabelt at ei ulukke av denne typen kunne skje.

– Upassande å visa til tidlegare hendingar

Det er Airbus som har produsert ulukkeshelikopteret EC225, også kalla Super Puma. Når Safe uttalar seg om Super Puma, snakkar dei om alle Airbus sine Nordsjø-helikopter.

Arne Sigve Nylund

Arne Sigve Nylund, konserndirektør for utvikling og produksjon i Statoil, vil ikkje trekka slutningar før havarikommisjonen er ferdige med arbeidet sitt.

Foto: Harald Pettersen / Harald PetteStatoilsen

Administrerande direktør i selskapet, Guillaume Faury, meiner at det er trygt å fly med helikoptera deira.

– Det er ikkje passande å knytte historia til Super Puma opp til ulukka på fredag. Me må venta på konklusjonen til etterforskinga som held på, seier han.

Statoil er den største kunden hos Bristow og CHC Helikopter Service, som flyr til og frå Nordsjøen, dei seier følgjande om utsegna frå Safe.

– Me har full forståing for at folk opplever dette som vanskeleg. Likevel blir det feil å trekka slutningar før havarikommisjonen er ferdige med arbeidet sitt. Først må me få alle fakta på bordet. Denne helikoptertypen har nå flyforbod for rutetrafikk, og me har tillit til at det er granskingane som skal gi fakta og svar, seier Arne Sigve Nylund, konserndirektør for utvikling og produksjon i Statoil.