Hopp til innhold

Ho mista mannen i Turøy-ulukka: Onsdagens ulukke vekker grufulle minne

Anny Britt Telle fraus til då ho høyrde om helikopterulukka i Øygarden onsdag kveld. No håpar ho at pårørande får svar på kva som har skjedd.

Anny Britt Telle

Mannen til Anny Britt Telle omkom i Turøy-ulukka i 2016.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

– At dette skulle skje igjen hadde eg faktisk ikkje trudd, seier Anny Britt Telle.

Ho synest det var vanskeleg å høyre om helikopterulukka vest for Sotra i Vestland onsdag kveld. Ei kvinne er meldt omkommen.

Sjølv mista Telle mannen sin i Turøy-ulukka for åtte år sidan, då eit helikopter styrta nord på Sotra. Totalt 13 personar mista livet.

Anny Britt Telle

Anny Britt Telle med ektemannen som omkom i Turøy-ulukka. Til venstre sonen Ørjan Telle med dottera hans, Mathea Eide Telle.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Onsdag kveld gjenopplevde ho og familien hendinga.

– Eg fekk veldig flashback til Turøy-ulykka. Reaksjonen min var mykje sterkare enn eg hadde trudd. Det var heilt forferdeleg.

Ho sette på nyheitene og ringde dei tre barna sine. Det var viktig for familien Telle å halde kontakten utover kvelden.

Den eine sonen fekk redningshelikoptera rett over hustaket då dei var på veg til Haukeland.

– Vi hadde så vonde minne frå Turøy-ulukka. Dette blei veldig nærme, altså, seier Anny Britt Telle.

Fekk déjà vu-kjensle

Torsdag fekk ho besøk av sin andre son, Ørjan Telle, og dei to døtrene hans på Telavåg sør i Øygarden kommune.

Han kjenner mange som jobbar offshore, og fortel at dei onsdag gjorde akkurat som på den skjebnesvangre dagen i 2016 då faren omkom: leita etter mest mogleg informasjon og så riktig informasjon som mogleg om kven som var om bord.

Det var nesten ei sånn déjà vu-oppleving. Det er jo fort gjort at det er nokon kjentfolk. Det er å finne ut kor helikopteret kom frå, og kor det skulle, seier han.

Anny Britt Telle med son og barnebarn

Anny Britt Telle med barnebarna Mathilde Eide Telle og Mathea Eide Telle, og sonen Ørjan Telle.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Han følgde med i pressa, på flyradar og marinetraffic.com. Enno veit han ikkje om han kjende nokon om bord.

Ørjan Telle opplever at onsdagens hending vart raskare avklara enn den på Turøy. Dei fann passasjerane forholdsvis raskt og fekk dei til sjukehus.

Det var litt verre sist, men uansett er det denne uvissa, den er ekkel.

Les også Kvinne i 60-årene omkom i helikopterstyrt: – Vi har mistet en kjær kollega

Bergen 20240229. Flagget på halv stang utenfor Equinor på Flesland.

Håper pårørande får svar

Anny Britt Telle har endeleg blitt vand igjen med helikoptertrafikken som stadig flyg over heimen hennar i Øygarden.

Etter ulykka i 2016 brukte ho lang tid på å ikkje fryse til når ho høyrde helikopter.

Sonen Ørjan er blitt meir vand med helikoptera som støtt flyg over Sotra, men med ny ulukke blir det veldig nært for han også.

– Det er spesielt, det er klart.

Tidslinje: Helikopterstyrten vest for Sotra

Slik gjekk det med helikopteret som styrta vest for Sotra i Vestland. Dei nyaste oppdateringane er nedst i tidslinja. Fleire av tidspunkta er henta frå Hovudredningssentralen (HRS).

No går tankane deira til dei pårørande. Sjølv opplevde dei det å vere pårørande både tøft og vanskeleg.

– Familie og vener betydde ufatteleg mykje. Det å snakke og gråte saman er viktig. Det er utruleg viktig at dei er saman og at alle pårørande har nokon å vere i lag med, seier Anny Britt Telle.

Sonen fortel at dei fekk god oppfølging i 2016. Han oppmodar pårørande no til å ta imot hjelp.

– Det kan vere godt sjølv om du ikkje nødvendigvis har behovet no. Ikkje set deg ned åleine. Ver saman med fleire, er rådet hans.

No håper dei at det for dei pårørande sin del vil komme svar på kva som har skjedd.

– Det er det som blir det viktigaste nå, seier Anny Britt Telle.

Og legg til:

– Livet går vidare, heldigvis. Det gjer det.

Les også Amalie så rednings­aksjonen fra vinduet: – Jeg fikk klump i magen med en gang

Amalie Halse

Leitar etter vraket

Politiet etterforskar kva som skjedde då helikopteret styrta i sjøen. Torsdag avhøyrer dei personane som var om bord.

Havarikommisjonen har ansvar for vraket og søket etter dette. Forsvaret er bedt om å bidra i søket og om å ta imot vrakdelar på Haakonsvern.

Redningstenesta på Sola har kommentert helikopterulukka på Facebook-sida Redningsmenn CHC Helikopter Service.

– I dag er ein trist dag for redningstenesta i Noreg. Vår omtanke går spesielt til dei pårørande frå vår kjære kollega frå Equinor som ikkje kom heim til sine kjære, skriv dei.

Helikopteret deira frå Florø heiste opp den sjette personen frå sjøen etter ulukka.

– Vi kryssar også fingrane for at det går bra med våre gode kollegaar i Bristow, skriv redningstenesta.