Hopp til innhold

Norske vingardar får ikkje lov til å selje vin

EØS-avtala står i vegen for at vinbønder får selje vin laga på druer frå garden sin. Vin laga på bær derimot – det er heilt greitt.

Norsk vin

I Hebnes i Suldal kommune i Rogaland har bøndene slutta med svin og begynt med vin. Men snuoperasjonen har bydd på uante utfordringar.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Det kan virke som ei umogleg oppgåve å drive vingard i kalde Noreg, men på Hebnes i Rogaland har dei bevist at det er fullt mogleg.

I 2019 bestemte bøndene på den vesle halvøya seg for å slutte med svin, og starte med vin. I 2020 blei dei første vinrankene sette i jorda. I dag har dei 6000 vinstokkar fordelt på 12 ulike druesortar.

– Det er mykje arbeid å drive med gris, men vinproduksjon er faktisk mykje meir krevjande, fortel vinbonde Arild Hebnes.

Hebnes Vingard i Rogaland

6000 VINSTOKKAR: Vindruene blir ikkje hausta før til hausten.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

I 2021 produserte vingarden 700 liter druevin fordelt på raud, kvit, oransje og rosévin.

Men likar du vinen du får smake, er sjansane forsvinnande små for å få med seg ei flaske heim.

– Det er nokre lovar og reglar som gjer at me får lov til å selje vinen så lenge den er laga på bær, men ikkje på druer, fortel Arild Hebnes.

For å ha noko å selje på garden har derfor bøndene planta eit eige jorde med sokalla honningbær. Av desse lagar dei raudvin som blir selt i gardsbutikken.

Dei driv også med gardsturisme, og tilbyr blant anna vinsmaking og omvising.

Nils Andreas Røher har tatt turen til Hebnes for å vere med på vinsmaking, og er skuffa over at han ikkje kan kjøpe med seg ei flaske druevin heim.

– Det er veldig synd at me ikkje kan få kjøpe vinen. At me bur i eit sånt dusteland der det berre er dei som driv på med sider som skal få lov til å selje, seier han.

Nils Andreas Røher

SKUFFA: Nils Andreas Røher skulle gjerne kjøpt med seg ei flaske vin laga på druer heim frå Hebnes Vingard, dersom det var mogleg.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Bær er greitt, druer ikkje

Frå 1. juli 2016 blei det nemleg opna for å selje einskilde drikkevarer med opp til 22 prosent alkohol direkte frå produsentane.

Regelendringa førte til at nettopp siderbønder kunne selje produkta sine direkte frå gardsbutikken. Sju år seinare må ein framleis på Vinmonopolet for å få tak i druevin og øl med høgare alkoholprosent enn 4,7.

Helse- og omsorgsdepartementet skriv i ein e-post at dette er for å unngå forskjellsbehandling.

EØS-avtalen krev nemleg at norske og utanlandske produsentar skal behandlast likt, gjennom det sokalla likebehandlingskravet.

Dersom norske produsentar får lov til å selje druevin frå gardsutsalet sitt, får dei nemleg ein salskanal som dei utanlandske vinprodusentane ikkje har.

– Derfor vil det vere problematisk å tillate sal av druevin som inneheld meir enn 4,7 prosent, når den utanlandske vinen berre er å få tak i på Vinmonopolet. Me kjenner ikkje til detaljane eller bakgrunnen for kvifor det er sånn. Slik blei avtalen framforhandla, skriv dei.

Kor får eg då tak i denne eksklusive, norske vinen, lurer du kanskje på?

Hebnes vingard kan selje til restaurantar og Vinmonopolet. Men for å kunne gjere det må det vere eit visst volum på produksjonen.

Volum tek tid å bygge opp, og vingarden produserer førebels ikkje nok til å gjere det. Likevel er dei ikkje bekymra for å brenne inne med vin dei aldri får selt.

– Me skal nok bli kvitt vinen, men me har jo lyst til at gjestane våre skal kunne kjøpe med seg ei flaske heim, seier vinbonde Toyni Tobekk.

Aril Hebnes og Toyni Tobekk

TULLETE REGEL: Vinbøndene Arild Hebnes og Toyni Tobekk forstår ikkje kvifor det skal vere lov å selje vin laga på bær, men ikkje druer.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Ikkje aleine om vinproduksjon

Varmare klima har gjort det enklare å dyrke druer her til lands. Det har ført til ei oppblomstring av norsk vinproduksjon.

Stadig fleire gjer som vinbøndene i Ryfylke. Hjå Norske Druedyrkarar er det registrert 50 vingardar frå Mandal i sør til Foldereid i Midt-Norge. Og det blir stadig fleire.

Hebnes vingard er den einaste av sitt slag i Rogaland.

– Me skulle eigentleg berre starte med druer og selje desse. Men så endra me planane og fann ut at me skulle lage vin. Det er noko ganske anna å presentere seg sjølv som vinbonde, enn grisebonde, fortel Arild Hebnes.

Volker Moehrke

TURIST PÅ VINSMAKING: Volker Moehrke frå Tyskland er på ferie i Noreg.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Volker Moehrke frå Tyskland er på ferie i Noreg og enda opp med å ta seg ein tur på vinsmaking på Hebnes. Han innrømmer at han blei overraska over å finne ein vingard i Noreg.

– Når me tyskarar tenkjer på Noreg, ser me føre oss eit land langt nord der dei har tre månadar med sol. Resten er snø og mørke. Så eg hadde ikkje trudd eg skulle finne ein vingard her, seier han lattermildt.

Hei!

Tenkte du på noko då du las denne artikkelen? Eller har du eit tips til andre saker me burde sjekke ut i NRK?

Tips meg gjerne - innboksen min er alltid open.