Hopp til innhold

– Familien vår gret kvar dag

Norsk-syraren Mohammad Jaman har ein svært kontrastfull kvardag. Medan han er aktiv i politikken i Stavanger, ser han dagleg på fjernsynet at sivile bli drepne i heimlandet sitt. Nå ber han Norge om å hjelpa til med våpen i Syria.

Mohammad Jaman

Frå fjernsynsskjermen sin i Stavanger får norsk-syriske Mohammad Jaman dagleg inn grufulle bilete frå heimlandet sitt.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

I dag har det kome fleire grufulle bilete frå uroa i Syria. Opposisjonsgrupper har lagt ut bilete av drepne og såra barn etter det dei hevdar er ein massakre i byen Homs.

For Arbeidarpartiet sin bystyrepolitikar i Stavanger, Mohammad Jaman og familien hans, er det hard kost å dagleg få inn denne type meldingar frå heimlandet sitt.

– Norge må hjelpa opposisjonen

– Det gjer vondt å sjå på, og me gret kvar dag. Men det som frustrerer meg mest er likevel at ingen gjer noko praktisk med saka. Ingen vil hjelpa, dei berre snakkar, snakkar og snakkar, seier Jaman til NRK.no medan situasjonen i Syria blir diskutert i UNHCR.

Mohammed Hussein Darwish

Eit bilete tatt frå YouTube av 12 år gamle Mohammed Hussein Darwish. Ifølgje syriske opposisjonelle blei han torturert og drepen av syriske regjeringsstyrkar ved Rastan, nær Homs.

Foto: - / Afp

Han meiner det er på høg tid med handling, og ber den norske regjeringa om hjelp.

– Norge må involvera seg. Eg håper at dei saman med andre land i vesten kan involvera seg slik som i Libya. Opposisjonen må ha våpen, det er einaste løysinga.

I kveld skal han møta i Stavanger bystyre for å diskutera korleis ein kan få fleire folk til å sykla i Stavanger. Ein sterk kontrast til det som for tida opptek han mest.

– Eg har faktisk to ulike liv nå. Her i Stavanger har eg ein roleg og fredeleg kvardag. Samstundes blir sivile og barn drepne i heimlandet mitt, seier han.

Video – Familien vår gret kvar dag

VIDEO: Sjå TV-innslaget om norsk-syriske Mohammad Jaman her.

Trur Assad blir felt

Han meiner at situasjonen i Syria nå er i ferd med å øydeleggja landet hans, medan verda berre ser på.

– Det hjelper ingenting at Kofi Annan finn situasjonen vanskeleg viss han ikkje gjer noko. Verda må gjera plikta si, dei må redda dei sivile ved å gje våpen til opposisjonen. Folk må ha moglegheit til å forsvara seg mot regimet. Nå er det berre eine sida som har våpen, dermed blir demonstrantane drepne.

Han meiner at ein ikkje kan oppnå noko gjennom dialog med regimet i Syria:

– Det forstår dei ingenting av. Verken dialog eller menneskerettar. Det einaste dei forstår er makt.

– Kva trur du slutten på dette blir? Kjem Assad til og bli felt?

– Ja, utan tvil. Liknande regime er nå historie. Ein diktator kan gjera mange grufulle ting, dei kan øydelegga og dei kan drepa. Men det som er sikkert er at dei vil bli felt.